Hopp til innhold

600 politifolk deltok i samordna antimafia-aksjon i Italia og Tyskland

37 personar vart arresterte i ein storstilt, samordna antimafia-aksjon i Italia og Tyskland i dag. 600 politifolk deltok i aksjonen, som retta seg mot den sicilianske Rinzivillo-familien.

37 personar er arresterte i ein samordna politiaksjon retta mot Cosa Nostra-mafiaen i Italia og Tyskland.

VIDEO: Sjå det italienske politiet sine bilete frå den store antimafia-aksjonen natt til onsdag.

Aksjonen gjekk føre seg i natt i fem regionar i Italia, Sicilia, Lazio, Lombardo og Emilia-Romagna, pluss i den tyske storbyen Köln. Det vart teke beslag i verdiar for 11 millionar euro, nær 103 millionar norske kroner, opplyser politiet.

Ein advokat frå Roma og to politimenn er blant dei arresterte. Dei to politimennene er skulda for å ha henta opplysningar frå politiet sitt dataregister og gitt dei vidare til medlemer av Rinzivillo-klanen.

Nyetablerte i hovudstaden

Rinzivillo-familien er knytt til den sicilianske Cosa Nostra-mafiaen, og dei er kjende for å samarbeide tett med to andre familiegreiner i Madonia og Corleone. Rinzivillo-familien kjem opphavleg frå byen Gela på Sicilia.

Statsadvokat i Roma, Michele Prestipino Giarrita, seier at denne grupperinga er relativt ny i den italienske hovudstaden.

– I Roma har vi vent oss til at 'Ndrangheta og Camorra er ein del av den kriminelle kvardagen i byen, men sidan 2014 har også Rinzivillo-familien bygd seg opp her, sa han på ein pressekonferanse tidlegare i dag.

– Drap på mafiatopp var symbolsk handling

Cosa Nostra-topp skulle snakke – trekte seg i siste liten

Fisk og narkotika

Rinzivillo-familien har ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa hatt kontroll over den sicilianske fiskemarknaden i mange år, og dei er også tungt involverte i smugling av narkotika frå Italia til Tyskland.

Dei arresterte i Tyskland er mistenkte for å distribuert store mengder narkotika på vegner av den italienske mafiagrupperinga.

I Roma har familie-klanen etablert seg innanfor frosenmat-bransjen, men er også mistenkt for grov korrupsjon gjennom kontaktar med offentleg tilsette.

«Capo di tutti capi» er død

Slik unngår du mafia-butikkar

SISTE NYTT

Siste nytt