Hopp til innhold

Slik unngår du mafia-butikkar

No er det mogleg å få eit kart over den sicilianske hovudstaden Palermo der butikkar som ikkje betaler pengar til mafiaen er merka.

Addiopizzo får stadig fleire til hengjarar på Sicilia.

Addiopizzo får stadig fleire tilhengjarar på Sicilia. No kjem eit antimafia-kart over Palermo.

Foto: Scanpix/AFP

Den siclianske mafiaen Cosa Nostra har halde jernhanda si over mange butikkeigarar i Palermo og dandre byar på Sicilia. Men den siste tida har stadig fleire forretningsdrivande stått opp mot den brutale mafiaorganisasjonen og nekta å betale såkalla "vernepengar".

LES OGSÅ: Storaksjon mot mafiaen på Sicilia

LES OGSÅ: Berlusconi: Mafiaens nestleder tatt

LES OGSÅ: Mafia-varp på Sicilia

Tysk støtte

For å støtte dei modige butikkeigarane i kampen mot mafiaen har den tyske ambassaden i Italia gått inn med økonomisk støtte til turistkartet, slik at tyske turistar skal halde seg til butikkar som ikkje betalar ut til mafiaen.

Det er organisasjonen Addiopizzo (adjø til vernepengar" som står bak produksjonen av det nye kartet.

Addiopizzo er grunnlagd av butikkeigarar og forbrukarar som har bestemt seg for å gjere ein innsats mot den sicilianske mafiaen. Organisasjonen har fått stadig fleire tilhengjarar

Største turistgruppe

Det første opplaget av kartet er på 10.000, og i første omgang blir det tilgjengeleg gjennom tyske turoperatørar.

Den tyske ambassaden seier i ei fråsegn at dei har gitt økonomisk støtte til kartet fordi tyskarar utgjer den største gruppa turistar på Sicilia.

- Tyskarar er den største gruppa både når det gjeld talet på turistar og når det gjeld forbruk. Både innbyggjararne i Palermo, som elskar byen sin, og turistar, som også elsker byen og ikkje vil støtte mafiaen, har felles interesse her, heiter det i fråsegna.

LES OGSÅ: Mafiaboss på rømmen i 15 år

LES OGSÅ: - Mafiaen ville drepe småborn

LES OGSÅ: Cosa Nostra-topp arrestert

SISTE NYTT

Siste nytt