NRK Meny
Normal

50 millionar bønder i Kina utan land

Mellom 40 og 50 millionar kinesiske bønder har fått landet sitt fråteke, viser ein ny rapport. Dei fleste går vidare til eit liv i fattigdom.

China Vanishing Villages

Ikkje alle tener på den økonomike veksten i Kina. Dei fleste bøndene er misnøgde med måten dei vert behandla av styresmaktene, viser ein ny rapport.

Foto: Ng Han Guan / Ap

Den sterke økonomiske framgangen i Kina har mange bønder betalt ein dyr pris for. Sidan dei store økonomiske reformene starta i Kina på 1970-talet, har 50 millionar bønder ufrivillig måtte gi frå seg landområda sine.

No mister 3 millionar bønder landområda sine kvart år.

Dette kjem fram i ein rapport frå den kinesiske tenketanken, Chinese Academy of Social Sciences, gjengjeven i nettavisa The Epoch Times.

Vil auke meir

Til no har mellom 40 og 50 bønder blitt landlause. Det er inga teikn til at denne utviklinga vil bremse opp. Spådomane seier at 110 millionar bønder ufrivillig vil ha gitt frå seg landet sitt innan 2030. Det er ein utvikling på 3 millionar bønder kvart einaste år.

I 2011 vart kinesiske bønder definert som ei unik gruppe i det kinesiske samfunnet som ikkje tener på den sterke økonomiske veksten i landet. Mykje av årsaka til dette er at lokale styresmakter tener mykje pengar på å gi veg landområda til kommersielle aktørar framfor fattige bønder.

– Tala som er publisert er knusande. Eg føler at bøndene i Kina er dei mest uheldige i verda. Dei har blitt gløymt av både staten og samfunnet, seier den politiske kommentatoren Tian Li.

Inga tryggleik

Urbaniseringa i Kina har ført til at det vert stadig mindre lønsamt å vere bonde i Kina. Likevel ser framtida ikkje spesielt lys ut for bøndene som ufrivillig får landområdet sitt konfiskert. Svært få av dei har eit økonomisk tryggleiksnett å falle tilbake på dersom dei ikkje lukkast i å få ein jobb.

Heile 20 prosent av dei tidlegare bøndene har ikkje klart å få seg jobb seinare, viser tal frå det kinesiske statistikkbyrået.

– Det store problemet for bøndene er at dei ikkje har noko tryggleiksnett. Landområdet var den einaste økonomiske tryggleiken dei hadde. Når dei mister landet sitt, stoppar inntekta. Dei vert lausgjengarar, og har ingen andre val enn å leite etter arbeid i byane, seier kommentatoren Wen Zhao i den kinesisk-amerikanske fjernsynskanalen NTD.

Den kinesiske bonden Yang Youde fyrer av sin hjemmelagede kanon mot eventuelle inntrengere.

Den kinesiske bonden Yang Youde tester ut ein heimelaga kanon som han har laga for å verne seg mot eventuelle landutviklarar.

Foto: STR / Afp

Todelt system for eigarskap

Kinesiske bønder har ikkje tradisjonell eigedomsrett for landområda sine. Det er eit todelt system i landet for bruksrettane til bøndene. På landsbygda og i mindre urbane område finst det ein kollektiv eigedomsrett som hindrar området å bli nytta til andre ting enn jordbruk.

I meir urbane strok er det landområda statleg eigd. Lokale styresmakter er ofte interessert i å overta meir av dei kollektive landområda etterkvart som urbaniseringa skyt fart. Dette gjer at dei kan selje områda vidare til stor profitt.

China Vanishing Villages

Den 81 år gamle bonden Wen Chungui er ein av mange som har blitt relokalisert vekk frå gardsbruket.

Foto: Ng Han Guan / Ap

Ei ny landlov har vore diskutert i Kina lang tid utan å ha kome nokon veg.

Dårleg kompensasjon

Det er vanleg for bøndene å få statleg kompensasjon mellom 40.000 og 80.000 kroner for eit hektar med land (10 000 kvadratmeter). Dette er svært underprisa i høve til den kommersielle verdien av landområda.

Ifølgje ein statleg styrt tenketank i Kina, har kinesiske styresmakter tent over 1500 milliardar kroner på å ekspropriere jordbruksland til ein låg pris, og selje det dyrt til kommersielle interesser.

Dette speiler seg i ei undersøking gjort blant bønder som har fått landet fråtake. 97 prosent av dei spurte svarte at dei var misnøgde med kompensasjonen dei fekk frå dei kinesiske styresmaktene.

CHINA-FRANCE-TAIWAN-AVIATION-COMPANY-TRANSASIA-AIRBUS-FILES CHINA-FRANCE-TAIWAN-AVIATION-COMPANY-TRANSASIA-AIRBUS-FILES

Denne bonden ser på ein flyplass der det tidlegare var eit landbruksområde.

Foto: STR / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt