Hopp til innhold

20 arresterte i mafia-aksjon

Italiensk politi har arrestert 20 personar i ein aksjon mot mot 'Ndrangheta-mafiaen, som har blitt den mektigaste kriminelle gruppa i Italia.

Politiet til aksjon mot 'Ndrangheta-mafiaen i februar 2008

Dette biletet er frå ein politiaksjon mot 'Ndrangheta-mafiaen i februar i fjor.

Foto: ADRIANA SAPONE / AP

11 er arresterte i ein forstad til Milano i det nordlege Italia, medan ni andre er pågripne i Calabria i den sørlege delen av landet, der 'Ndrangheta er heimehøyrande.

Manilo Minale i påtalemakta i Milano opplyser at arrestasjonane er gjorde i samband med bruk av "forretningsmetodar vi kjenner frå det sørlege Calabria", i eit forsøk på å manipulere ein offentleg bodrunde.

Arrestert etter pizza-massakre

Mafiaen blir stadig rikare

Mafia-sjef arrestert i dramatisk aksjon

'Ndrangheta blir stadig mektigare

Kriminelt forbund

Han opplyser at åtte er arresterte for å ha delteke i eit kriminelt forbund, og at desse risikerer 15 års fengsel. Resten er sikta for forhold som innehav av ulovlege våpen.

- Denne operasjonen er viktig. Vi har arrestert fleire som tilhøyrer den tredje generasjonen av 'Ndrangheta i Lombardia-regionen, den rikaste regionen i Italia, sa Manilo Minale på ein pressekonferanse i Milano i kveld.

Og han heldt fram:

- Den første genrasjonen dreiv med pengeutpressing og narkotikatrafikk. Den neste generasjonen kjøpte seg inn i lovlege selskap som hemmelege aksjonærar. Den tredje generasjonen har slått seg opp som entreprenørar som nyttar mafiametodar for å skaffe seg oppdrag. Dei nyttar seg av vald og truslar, og samarbeider tett med 'Ndrangheta-famililane i Calabria.

Mektigast i Italia

Sakte, men sikkert har den calabriske mafiagruppa slått seg opp til å bli den mektigaste i Italia. Tidlegare var ' Ndrangheta i skuggen av Cosa Nostra på Sicilia og La Camorra i Napoli-området, men dei fleste ekspertar på organisert kriminalitet meiner dei no er viktigast av dei tre store.

'Ndrangheta er kjend for ein nesten ufatteleg brutalitet. Dei har truleg kontrollen over størstedelen av kokaintrafikken i Europa, og organisasjonen er representert i dei fleste europeiske land og i både Nord- og Sør-Amerika.

Enorme inntekter

Den italienske forskingsinstitusjonen Eurispes trur 'Ndrangheta-mafiaen tente 44 milliardar euro, over 400 milliardar norske kroner, på narkotismugling, ulovleg våpenhandel, prostitusjon og utpressing i 2007.

Det utgjer 2,9 prosent av Italias brutto nasjonalprodukt.

SISTE NYTT

Siste nytt