Hopp til innhold

Arrestert etter pizza-massakre

Mafia-sjefen politiet trur stod bak massakren av seks menneske utanfor ein pizzarestaurant i Duisburg i Tyskland, er arrestert i Amsterdam.

Sjefen for politiet i Duisburg, Holger Haufmann, viser fram eit bilete Giovanni Strangio.

Sjefen for politiet i Duisburg, Holger Haufmann, viser fram eit bilete Giovanni Strangio.

Foto: Frank Augstein / AP

Det har lenge vore klart at massakren i 2007 var del av eit hemnoppgjer mellom to klanar i den italienske mafiaorganisasjonen 'Ndrangheta.

I dag vart Giovanni Strangio (30) arrestert i Amsterdam i Nederland saman med svogeren Fransesco Romeo, som også står på lista over dei 30 mest ettersøkte forbrytarane i Italia.

Dei to var saman med konene og borna sine i husværet sitt då politiet gjekk til aksjon.

Giovanni Strangio er arrestert i Amsterdam.

Giovanni Strangio var hovudmannen bak massakren i Duisburg, meiner politiet.

Foto: - / AP

Dei to familiane skal ha budd i Amsterdam dei siste par åra, og dei to etterlyste mafiasjefane skal ikkje ha kamuflert seg på annan måte enn å gå med hatt og mørke briller.

Det vart teke beslag i minst ein million euro, i underkant av ni millionarnorske kroner, under arrestasjonen.

Pizza-massakren

Dei to vart arresterte i ein svært vellukka felles italiensk-tysk-nederlandsk operasjon, seier Pietro Grasso, ansvarleg for kampen mot mafiaen i det italienske politiet.

- Fredag 13. mars 2009 blir ein dag å hugse i kampen mot organisert kriminalitet, sa ein glad innanriksminister Roberto Maroni etter å ha fått melding om arrestasjonen.

Det var 15. august 2007 at seks menneske vart skotne og drepne utanfor ein pizzarestaurant i den elles så rolege tyske byen Duisburg. Politier meiner at drapa vart utførde av fire leigemordarar frå byen San Luca i Italia, heimbyen til dei to rivaliserande klanane i 'Ndrangheta.

Ein annan av Giovanni Strangio sine svograr, Guiseppe Nirta, vart arrestert i Amsterdam i november i fjor. Han vart overført til det italienske politiet tidlegare for nokre veker sidan.

Drapet var ei hemn for drapet på Giovanni Strangios syskjenbarn Maria Strangio, men fiendskapen mellom dei to familiane, Nirta-Strangio-klanen på den eine sida og Pelle-Vottari-klanen på den andre, skriv seg tilbake til 1991.

Eggkasting

Uroa har bakgrunnen sin i ein episode der det vart kasta egg mot medlemer av den andre famililen under eit karneval.

Sidan det er 20 menneske drepne i drap og hemndrap mellom dei to familiane.

Massakren i Duisburg sette for alvor 'Ndrangheta-mafiaen på det internasjonale forbrytar-kartet. Tidlegare har denne organisasjonen, som held til i Calabria i Sør-Italia, levd litt i skuggen av dei meir kjende mafiagrupperingane Cosa Nostra på Sicilia og La Camorra i Napoli.

I dag blir 'Ndrangheta rekna for å vere den farlegaste og mest valdelege av mafiagrupperingane i Italia. Organisasjonen opererer over store delar av verda, og har kontroll over størstedelen av kokain-trafikken til Europa.

' Ndrangheta har teke namnet sitt frå gresk og betyr heltemot.

Giovanni Strangio vart arrestert i Amsterdam.

Giovanni Strangio vart arrestert i Amsterdam.

Foto: Frank Augstein / AP

SISTE NYTT

Siste nytt