'Ndrangheta blir stadig mektigare

Det italienske mafiasyndikatet 'Ndrangheta tente like mykje pengar i fjor som det samla brutto nasjonalproduktet i Estland og Slovenia.

Mafiaorganisasjonen'Ndrangheta blir stadig mektigare, trass i arrestasjonar.

'Ndraangheta-leiaren Pasquale Condello vart arrestert tidlegare i år, men det ser ikkje ut til å ha svekt organisasjonen.

Foto: ADRIANA SAPONE / AP

Kilde: ANSA-NRK

'Ndrangheta sine inntekter i fjor utgjer 2,9 prosent av brutto nasjonalprodukt i Italia, opplyser forskargruppa Eurispes.

Leiaren for Eurispes, Gian Maria Fara, seier at tala er alarmerande. Han fortel at det er narkotikatrafikken som er viktigaste inntektskjelda til mafiagruppa, som har hovudbasen sin i Calibria heilt sør på det italienske fastlandet.

Narkotika viktigast

Eurispi har rekna ut at 'Ndrangheta i fjor tente 27,2 millionar euro, rundt 217 millionar kroner, berre på narkotika. Dette er rundt 62 prosent av dei samla inntektene til det kriminelle syndikatet.

Mafia-gravferd i Calabria

Frå gravferda i Calabria til eit av offera for drapa på seks personar i den tyske byen Duisburg i august i fjor.

Foto: ANTONIO TACCONE / AFP

Den kalibriske mafiagruppa er ei av dei tre store mafiagruppene i Italia. Dei to andre er Cosa Nostra på Sicilia og La Comorra, som har hovudsetet sitt i Napoli-området.

Fleire mafia-ekspertar i Italia meiner no at 'Ndrangetha no er mektigare enn La Comorra. Det italienske kriminalpolitiet DIA slo alt i 2006 fast at organisasjonen sine medlemer opptrer meir omsynslaust enn dei to andre gruppene.

Den indre justisen i mafiagruppa skal vere så hard at det er svært vanskeleg for politiet å greie å rekruttere informantar internt i organisasjonen.

Ekspansjon

'Ndrangheta har dei siste åra ekspandert til dei fleste land i Europa, pluss i Sør-Amerika, Canada og Australia. Det er etniske italienarar i desse områda som er bindeleddet til gruppa, opplyser italiensk politi.

Drapa på seks personar utanfor ein pizzarestaurant i den tyske byen Duisburg i august i fjor sende sjokkbølgjer gjennom heile Europa. Politiet trur drapa var eit resultat av ein intern feide i 'Ndrangheta.

Den italienske antimafia-kommisjonen har samanlikna den kalabriske mafiaen med ei internasjonal hurtigmatkjede.

Dei har den same gjenkjennelege merkevara og eit identisk kriminelt produkt over heile verda, heiter det i ein rapport frå kommisjonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt