NRK Meny
Normal

16 politifolk drepne i Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst 16 politifolk er drepne i to ulike angrep i Afghanistan i dag tidleg..

LES OGSÅ: Eide går av

Først var åtte politifolk drepne i eit angrep i Baghlan-provinsen i det nordlege Afghanistan, opplyser lokale styresmakter.

Ei gruppe væpna menn gjekk til angrep på ei politisperring som var sett opp for å vakte NATO-konvoiar i området, seier provinsguvernøren i Baghlan.

Angrepet skjedde ved totida i natt afghansk tid på hovudvegen frå hovudstaden Kabul gjennom Baghlan, ei rute som blir mykje brukt som forsyningsrute til NATO-styrkane som kjempar mot Taliban.

To av angriparane vart også drepne.

Nokre timar seinare kom det meldingar om at åtte politifolk vart drepne i eit angrep i det sørlege Afghanistan. Dei åtte vart drepne då opprørarar storma kontrollposten deira i Lashkar Gah, hovudstaden i Helmand-provinsen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt