Hopp til innhold

14 menneske drepne i Syria i dag

14 menneske er drepne av syriske tryggingsstyrkar i uro og demonstrasjonar mot regimet fleire stader i landet i dag.

Demonstrasjon i Syria 2. september.

Frå ein demonstrasjon mot regimet i Syria etter fredagsbønna.

Foto: - / Afp

Dette skjer samstundes med at EU innfører ein oljeboikott av Syria, og elles utvidar sanksjonane mot landet.

Dette biletet av skadde demonstrantar er lagt ut på YouTube.

Desse bileta er lagde ut på YouTube av den syriske opposisjonen.

Foto: - / Afp

Aktivistar i opposisjonen fortel til det franske nyheitsyrået AFP at det i dag har vore store demonstrasjonar etter fredagsbønna over heile landet, og at mottoet for massemønstringa har vore «heller død enn audmjuka».

LES OGSÅ: – Handelsstanden sit med jokeren som kan knekkja Assad

LES OGSÅ: – Minst 88 drept i syriske fengsler

Motstridande opplysningar

Åtte menneske vart drepne i og rundt hoveudstaden Damaskus, blant anna i Duoma og Erbeen. Talet på drepne er ikkje stadfesta av uavahengige kjelder.

Utanlandske medium har ikkje tilgjenge til Syria, så dei einaste kjeldene til informasjon er opposisjonen og dei offisielle syriske media.

Det statlege fjernsynet melder at tryggingsstyrkane har drepe to væpna menn i Talbisseh, etter at dei kom under eld. Det offisielle nyheitsbyrået SANA melder at tre medlemer av tryggingsstyrkane vart drepne av «væpna terroristgrupper» i Damaskus-forstadene Talbisseh, Erbeen og Hammurieyh. Fire angriparar vart også drepne i desse angrepa, heiter det i meldinga frå SANA.

LES OGSÅ: – Syriske styrker inntar by like ved Libanon

LES OGSÅ: Kjent tegner banket opp i Syria

Støtte til riksadvokat

Bashar al-Assad

Syrias president Bashar al-Assad.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Ein av demonstrasjonane i dag var til støtte for Mohammed Adnan al-Bakkour, riksadvokat i Hama-provinsen, som nyleg trekte seg i protest mot Bashar al-Assad-regimet sine drap på fredelege demonstrantar.

På eit møte i Polen i dag avgjorde utanriksministrane i EU å utvide lista over personar frå det syriske regimet, som det er ulovleg å samarbeide med . Bashar al-Assad og fleire nære slektningar står alt på denne lista.

Oljeboikotten av Syria, som vart vedteken i dag, blir effektiv frå og med i morgon.

LES OGSÅ: Foreslår Syria-sanksjoner i FN

Vil isolere regimet

Frankrikes utanriksminister Alain Juppe sa på møtet i dag at Frankrike vil utvide kontakten med den syriske opposisjonen. Tysklands utanriksminister Guido Westerwelle sa på si side at det er no viktig å isolere det syriske regimet, for å tvinge dei til å starte ein dialog med opposisjonen.

Alain Juppe og Guido Westerwelle var med på EU-møtet i Polen fredag 2. september.

Frankrikes utanriksminister Alain Juppe og hans tyske kollega Guido Westerwelle vil auke presset på det syriske regimet.

Foto: KACPER PEMPEL / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt