Hopp til innhold

– Handelsstanden sit med jokeren som kan knekkja Assad

Blodbadet i Syria har skremt kjøpelystne turistar vekk frå handelsmekkaet Damaskus. Misnøgde kjøpmenn kan tvinga det brutale Assad-regimet i kne.

Damaskus, Syria

Det blodige opprøret i Syria har lagt ein kraftig dempar på kjøpefesten i den syriske hovudstaden Damaskus. Presidenten står no i fare for å mista avgjerande støtte frå handelsstanden i landet.

Foto: JOSEPH EID / Afp

Den syriske presidenten Bashar al-Assad har framleis eit godt grep om hovudstaden, som hittil har vore skåna mot det blodbadet regimet står bak i resten av landet.

Frykt og uvisse om framtida har likevel sete sitt preg på det elles så sydande dagleglivet i Damaskus.

Handelen står i stampe, og ingenting trugar Assad sitt vaklande regime meir enn eit dårleg forretningsklima i Damaskus, meiner mange Syria-kjennarar.

Puttar pengar på militæret

Assad-familien har styrt Syria med hard hand sidan 1970. Ifølgje FN er minst 2000 sivile drepne etter at opprøret mot regimet tok til i mars i år.

Upopulære Assad har alltid fått støtte frå handelsstanden i Damaskus, som utifrå dei fleste standardar passerer som ein internasjonal storby og eit handelsmekka, skriv USA Today.

Butikkane og restaurantane i den syriske hovudstaden Damaskus er vanlegvis stinne av kjøpeglade turistar som kvart år legg igjen store summar hjå handels- og servicenæringa i Syria.

Men etter at demonstrasjonane mot regimet starta i mars i år, har gullsmedane i Damaskus tømt butikkvindauga sine for gullarmband og glitrande diamantringar. Dei elles så populære restaurantane og internettkafeane held stengt på ubestemt tid, og turistane er borte.

Handelen i den syriske hovudstaden ligg meir eller mindre brakk og det er dårleg nytt for presidenten. Han er avhengig av å blidgjera næringa. Det er nemleg handelsstanden som i stor grad finansierer militæret, og det er militæret som slår ned på opprørarane som trugar Assad sin maktposisjon.

Gamlebyen i Damaskus, Syria

Butikkeigarane i Gamlebyen i Damaskus har lite å ta seg til om dagen. Dei som framleis held ope, får tida til å gå ved å drikke te og spela backgammon.

Foto: ANWAR AMRO / Afp

– Økonomisk ruin er slutten for Assad

– Handelen og forretningsmennene i Damaskus og Aleppo er svært viktige for regimet si framtid. Dersom Assad si hjartelause framferd fører til økonomisk ruin, vil det framskunda kollapsen av regimet, seier Walid Saffour, sjefen for den London-stasjonerte menneskerettsgruppa Syrian Human Rights Committee.

Han får støtte frå andre analytikarar, som meiner handelsnæringa allereie har begynt å snu ryggen til Assad.

– Fleire syriske forretningsmenn som tidlegare har vore svært lojale mot regimet, seier dei no vil byta side og støtta opprørarane på grunn av den økonomiske situasjonen, seier Radwan Ziadeh, ein syrisk regimekritikar og stipendiat ved Institutt for Midtausten-studiar ved George Washington University i Washington D.C.

Damaskus

For nokre år tilbake blomstra framleis handelen i Damaskus. Biletet viser eit yrande liv i restaurantområdet Damascus Gate i juni 2008.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

Stille protest

Bashar al-Assad

Bashar al-Assad overtok makta etter far sin i år 2000.

Foto: Benoit Tessir / Reuters/Scanpix

Flyselskapet Syrian Air har hatt ein nedgang i billettsalet på heile 80 prosent. Ifølgje The Economist krympa den syriske økonomien med tre prosent i løpet av dei første månadene etter at opprøret starta.

Mange syriske handelsmenn fortel om svært vanskelege tider, men snakkar berre under vilkår om anonymitet fordi dei fryktar å bli straffa av det syriske politiet.

Dei høglytte og massive protestane mot regimet har glimra med sitt fråver i Damaskus. Situasjonen står i sterk kontrast til byar som Homs, Hama og Deir El Zour der tusenar av syrarar har strøymt ut i gatene og markert avsky mot den omsynslause diktatoren.

Handelsstanden i Damaskus sine økonomiske sanksjonar kan likevel bli den stille protesten som får Assads vaklande regime til å tippa over stupet.

SISTE NYTT

Siste nytt