Hopp til innhold

- Ville bombe t-banen i Washington

Ein pakistansk-amerikansk mann er pågripen i USA, mistenkt for å ha planlagt terrorangrep mot t-banen i hovudstaden Washington.

Strengt vakthald ved t-banen i Washington.

Det er strengt vakthald ved t-banen i Washington.

Foto: ALEX WONG / Afp

Neil MacBride er statsadvokat i Virginia.

Statsadvokat Neil MacBride i Virginia er sjokkert over terrorplanane.

Foto: Evan Vucci / Ap

Han skal vere mistenkt for å ville hjelpe Al Qaida-nettverket med å planleggje angrep. Men ingen andre skal vere pågripne i saka.

FBI-agentar har greidd å innbille 34-åringen at dei var frå Al Qaida, og på denne måten har dei greidd å lure mannen i ei felle.

Angrep på fleire stasjonar

Det amerikanske justisdepartementet opplyser at det skal ha vore planar om å angripe fleire stasjonar i og utanfor Washington DC.

Styresmaktene seier at FBI har hatt mannen under oppsikt i ein periode, og at publikum aldri har vore i fare. FBI trur han hadde planar om å gjennomføre angrepa på eiga hand, og at han truleg også har vore åleine om å leggje planane.

Robert Gibbs er talsmann for Det kvite hus.

- Vi har heile tida hatt kontroll på den terrormistenkte, seier Robert Gibbs, talsmann for Det kvite hus.

Foto: JIM YOUNG / Reuters

FBI er sparsame med opplysningar fordi saka framleis er under etterforsking.

Den pågripne mannen er 34 år gammal og frå byen Ashburn i delstaten Virginia. Han skal blant anna ha blitt observert medan han har fotografert t-banestasjonar i den amerikanske hovudstaden.

- Det er skremmande at ein mann frå Ashburn er skulda for å ville gjennomføre angrep med mål om å drepe så mange t-bane-passasjerar som mogleg, truleg gjennom koordinerte bombeangrep, seier statsadvokaten for det austlege Virginia, Neil MacBride.

- Kontroll på mannen

Talsmann for Det kvite hus, Robert Gibbs, forsikrar også om at dei har hatt kontroll på denne mannen heilt frå starten. Også president Barack Obama vart halden orientert om saka, seier Gibbs.

Den pågripne 34-åringen er fødd i Pakistan, men han er no amerikansk statsborgar. Avisa Washington Post skriv at det ikkje verkar som om 34-åringen har fått trening eller opplæring hos Al Qaida eller deira støttegrupper utanfor USA.

Nyheitsbyrået AFP melder at mannen kan bli tiltalt for å ha skaffa fram materiale til støtte for ein terrororganisasjon, og for å ha samla inn informasjon for å hjelpe til med å gjennomføre ein terroraksjon som kunne koste mange menneske livet.

Om han blir dømd for dette, kan han få fengselsstraff på opp til 50 år.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Livstid for Times Square-bombemann

LES OGSÅ: Times Square-bomber skulle hevne USAs krig i Afghanistan

LES OGSÅ: Terrortatt hadde sluttet i Telenor

LES OGSÅ: Tre arrestert i forbindelse med New York-bomben

SISTE NYTT

Siste nytt