Faisal Shahzad er amerikansk statsborgar, men er fødd i Pakistan. Han var stilt for retten i juni i år, og sa seg då skuldig i tiltalen. I dag fall altså dommen.
Shahzad har tilstått at han fekk opplæring i å lage bomber av pakistansk Taliban, Tehrik-e-Taliban, i Pakistan, og at det var denne gruppa som hadde gitt han ordre om å utføre bombeangrepet pån Times Square.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Førebu dykk på krig
Shahzad sa dette då dommaren hadde forkynt dommen:
- Førebu dykk, for krigen med muslimane har nettopp starta. Nederlaget til USA er nært føreståande, det vil skje i nær framtid.
Times Square på Manhattan i New York er ei av dei mest trafikkerte gatene i verdsmetropolen.
Shahzad har vore amerikansk statsborgar sidan 2009. Han var busett i Connecticut utanfor New York, medan kona og dei to borna hans bur i Pakistan. Han er sonen til ein tidlegare nestsjef for det pakistanske luftvåpenet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
På veg til Pakistan
Faisal Shahzad vart arrestert om bord i eit fly som skulle til Dubai to dagar etter terror-forsøket. Han var då på veg til Pakistan. Han har sagt til etterforskarane at han hadde rekna med at bomba hans ville ta livet av 40 menneske, og at han hadde planlagt eit nytt bombeangrep to veker seinare.
Han sette frå seg ein firehjulstrekkar med ei kraftig bombe i midt på Times Square. Bilen stod med motoren på og forbipasserande oppdaga at det kom røyk uf frå bilen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: