Hopp til innhold

- Vi vil ikkje invadere Ukraina

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov seier i eit intervju med russisk fjernsyn at landet ikkje kjem til å gå inn i Ukraina militært.

Sergej Lavrov

Sergej Lavrov seier at Russland ikkje kjem til å invadere Ukraina.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

– Vi har absolutt ingen intensjon om å krysse grensa til Ukraina, sa Lavrov blant anna i intervjuet. Han sa også at Vesten og Russland har kome nærmare kvarandre i synet på Ukraina, og at det kan kome eit felles initiativ som kan leggjast fram for ukrainske styresmakter.

Han seier likevel at Russland vil forsvare rettane til dei russiskspråklege innbyggjarane i Ukraina.

– Diplomatisk løysing

Putin og Obama

Frå eit tidlegare møte mellom Vladimir Putin og Barack Obama.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / Afp

Lavrov seier dette etter at Russlands president Vladimir Putin ringde til sin amerikanske kollega Barack Obama i går kveld for å diskutere eit amerikansk forslag til ei diplomatisk løysing på konflikten. Detaljar om forslaget er ikkje kjende.

Obama bad Putin om å gi eit skriftleg svar på forslaget.

I ei fråsegn frå Kreml heiter det at Putin foreslo overfor Obama å sjå på tiltak som kan stabilisere situasjonen i Ukraina, og at det vidare arbeidet om dette skal skje mellom utanriksministrane Sergej Lavrov og John Kerry.

I føremiddag norsk tid snakka Lavrov og Kerry saman på telefonen, der dei la ein tidsplan for korleis dei skal halde kontakten i tida framover, melder Reuters.

– Ulike referat

NRKs Moskva-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld kan fortelje at Putin og Obama har gitt ulike referat av samtalane, men at det er klart at Putin ringde til den amerikanske kollegaen sin for å ha ein samtale om korleis ein no skal få ned spenninga.

Putin tok også opp det han kalla den internasjonale blokaden av den russiske utbrytarrepublikken Transdnjestr i Moldova. Han fekk svar frå Obama om at USA er sterkt imot den måten Russland har krenkt den territorielle integriteten til Ukraina.

Obama viste også til at Ukraina no er inne i ein demokratisk prosess, der det snart skal vere val. Steinfeld karakteriserer det som positivt at utanriksministrane Lavrov og Kerry skal møtast igjen, etter eit mislukka møte for ti dagar sidan.

LES OGSÅ: Historiene Kreml ikke forteller

Mobilisering langs grensa

Amerikanske styresmakter uttrykte i går stor uro for at Russland skal invadere Ukraina. ifølgje amerikansk etterretning er det 30.000 russiske soldatar oppmarsjerte langs grensa til Ukraina. Sist veke skal det ha vore 20.000 soldatar i grenseområdet.

CNN siterte i går amerikanske etterretningskjelder på at USA ser det som meir sannsynleg at Russland går inn i dei austlege delane av Ukraina.

LES OGSÅ: Vil ha ny folkeavstemning i hele Ukraina

LES OGSÅ: Norske observatører skal følge med på valget i Ukraina

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt