Hopp til innhold

- Terrorgruppe avslørt i Tunisia

– 12 medlemer av ei terrorgruppe som ville etablere ein islamsk stat, er pågripne i Tunisia, seier innanriksministeren i landet.

Innanriksminister Ali Larayed i Tunisia.

Innanriksminister Ali Larayed på ein pressekonferanse i Tunis i dag.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Innanriksminister Ali Arayed, som representerer det moderate islamistpartiet Ennahda, seier at gruppa har fått våpentrening i nabolandet Libya, og at ni medlemer av gruppa framleis er på frifot inne i Libya.

Tok beslag i våpen

Ali Arayed fortel til nyheitsbyrået Reuters at tunisiske styresmakter har teke beslag i minst 25 Kalasjnikov-reifler og 2500 kuler. Det er førebels uklart om gruppa hadde planar om å angripe spesifikke mål i Tunisia.

Dei 12 vart pågripne etter blodige kampar med regjeringsstyrkar i den søraustlege regionen Sfax tidlegare denne månaden, og Ali Arayed seier at dei har hatt nær kontakt med Al Qaida-nettverket i Libya, og kanskje også i Algerie.

Innanriksministeren fortel at dei 12 pågripne fekk militær opplæring i Libya under den libyske revolusjonen.

– Dei ville prøve å etablere ein islamsk stat, seier han.

Religiøs ekstremisme

Ved valet i oktober i fjor vart det moderate islamistpartiet Ennahda størst i nasjonalforsamlinga, og det har danna regjering saman med to mindre sekulære parti. Det har vore retta kritikk mot regjeringa for ikkje å slå hardt nok ned på religiøs ekstremisme.

Islamisme i alle formar vart slått hardt ned på under regimet til tidlegare president Zine al-Abidine Ben Ali, og innanriksminister Ali Larayed sat sjølv i fengsel i fleire år.

Den såkalla arabiske våren starta i Tunisia og spreidde seg vidare til fleire andre arabiske land, som Egypt, Libya og Syria. Overgangen til eit nytt styre har gått stort sett greitt i landet, sjølv om det har vore ein del demonstrasjonar og streikar sentralt i landet. Dette er eit område med svært høg arbeidsløyse.

LES OGSÅ: Feira terrorsamarbeid i Somalia

LES OGSÅ: Al-Qaida ber muslimer kjempe mot Assad-regimet

LES OGSÅ: Kostbar arabisk vår

LES OGSÅ: Død revolusjonshelt får pris

LES OGSÅ: Opposisjonsleder Moncef Marzouki valgt til president i Tunisia

SISTE NYTT

Siste nytt