Avisa Kayhan er kjend for å halde ein alt anna enn forsonande tone overfor USA. Avisa titulerer USA som Den store satan og Obama som sjef for regjeringa til Den store satan.
I ein leiarartikkel i dag åtvarar avisa Rouhani mot å reise til Johannesburg og gravferda til Mandela, fordi han der risikerer å stå «auge til auge med leiaren for regjeringa til Den store satan».
- Pressar til møte
Tittelen på leiarartikkelen fortel klart kva Kayhan meiner: «Satan har lagt ei felle – denne gongen i Johannesburg».
Avisa meiner at fleire representantar frå media, både i Iran og i utlandet, nyttar gravferda til Mandela som eit påskot til å presse Rouhani til eit møte med Obama, melder nyheitsbyrået AFP.
Hassan Rouhani vann overraskande presidentvalet i Iran i juni, og sidan har han gjort fleire forsøk på å betre forholdet til den vestlege verda. Under FNs generalforsamling i New York hadde han ein 15 minutt lang telefonsamtale med Barack Obama.
Då gjekk ayatolla Ali Khamenei, som er den eigentlege makthavaren i landet, ut og sa at ein del av det som hadde skjedd i New York, var upassande. Han sa ikkje meir enn det, men dei fleste var samde om at det nok var samtalen mellom Rouhani og Obama han sikta til.
Kondolansetelegram
Kayhan finn det for godt å nemne dette i samband med spekulasjonane om Rouhani skal reise til Johannesburg eller ikkje.
Rouhani sjølv har ikkje sagt noko om han har planar om å delta i gravferda, men han har sendt eit kondolansetelegram. Irans utanriksminister har også sagt at det iranske folket føler med folket i Sør-Afrika i sorga over den ikoniske leiaren Nelson Mandela.
Etter samtalen mellom Obama og Rouhani i New York, har det iranske regimet inngått ein avtale med landet sitt atomprogram med fem vestlege land og Russland. Dette har gitt håp om ei tilnærming mellom presteregimet i Iran og Vesten.
Irans atomprogram
Det er langt frå alle i Iran som er like glade for avtalen om det iranske atomprogrammet, og avisa Kayhan er ofte talerøyr for dei som er skeptiske. Avisa blir ofte karakterisert som svært konservativ og kompromisslaus.
Nelson Mandela vitja Iran i 1992 og 1999.
Til saman har 53 stats- og regjeringssjefar gjort det klart at dei vil delta i gravferda til Nelson Mandela førstkomande søndag, opplyser sørafrikanske styresmakter.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: