NRK Meny
Normal

EUs Catherine Ashton ikkje anstendig nok for iransk fjernsyn

EUs utanrikssjef Catherine Ashton, som gav bort klemmar etter at atomavtalen med Iran var klar, vart for sterk kost for iransk fjernsyn.

YouTube-videoen over er lasta ned frå det statlege iranske fjernsynet. Videoen viser pressekonferansen i Genève i slutten av november, der avtalen om det iranske atomprogrammet blir presentert.

Catherine Ashton og John Kerry.

Dette var for sterk kost for iransk fjernsyn. Catherine Ashton gir USAs utanriksminister John Kerry ein hjarteleg klem.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Saman med Ashton er utanriksministrane frå Iran, USA, Storbritannia, Russland, Kina, Frankrike og Tyskland. Då Ashton gir franske Laurent Fabius eit lite kyss og klemmer Tysklands Guido Westerwelle, så blir heile sekvensen sladda på iransk fjernsyn.

Ikkje første gong

Sladdinga tek ikkje slutt før etter at ho har handhelsa på den iranske ministeren Mohammad Javad Zarif.

Det er ikkje første gong Catherine Ashton blir sensurert i den islamske republikken Iran. I 2011 vart ho sladda bort frå eit bilete der ho stod saman med den iranske atomforhandlaren Saeed Jalili. Det skjedde i den konservative avisa Hamshahri.

Ashton er ein av få utanlandske kvinnelege politikarar som regelmessig har møte med iranske kollegaer, og det er vanskeleg for iranske medium å unngå å vise bilete av henne av og til.

– Neppe retta mot Ashton

Iran-ekspertar BBC har snakka med seier at årsaka til sladdinga neppe er eit angrep på henne, men meir eit ynskje om ikkje å vise bilete av kvinner som ikkje er kledde slik makthavarane i landet ynskjer.

Manipulerte bilete er vanlege i iranske massemedium, og det skjer særleg med bilete av vestlege kvinner. Tidlegare er USA førstedame Michelle Obama blant dei som har blitt «påkledde» i iranske redaksjonar.

Det skjedde med biletet som vart teke då ho presenterte vinnaren av beste film under Oscar-utdelinga tidlegare i år. Då la dei til ermer på den ermelause kjolen hennar, og også utringinga vart fjerna .

Biletet under viser Michelle Obama slik ho verkeleg var.

Biletet under viser Michelle Obama slik ho verkeleg var, medan biletet over viser korleis ho vart framstilt på iransk fjernsyn.

Foto: Chris Pizzello / Ap

Shakira usensurert

Tidlegare i år vart det bråk då den iranske fjernsynskanalen Kanal 3 viste usensurerte bilete av artisten Shakira, som heia på ektemannen, Barcelona-spelaren Gerard Pique, under ein fotballkamp.

Det var også ein oppheita debatt over dekninga av det suksessrike iranske kvinnelandslaget i volleyball, der det vart hevda at det var «uislamsk kledde» kvinner blant tilskodarane under ei turnering på Sardinia, melder BBC.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt