Hopp til innhold

- Mislukka samtalar om Bani Walid

Forhandlingane med dei Gaddafi-lojale styrkane i byen Bani Walid har brote saman, seier ein talsmann for det libyske overgangsrådet. Dette kan bety eit snarleg angrep på byen.

Opprørarar sjekkar alle bilar som køyrer ut og inn av Bani Walid.

Opprørarane sjekkar alle bilar som køyrer ut og inn av Bani Walid.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

Libysk opprørsrsoldat med det nye lilbyske flagget.

Ein libysk opprørssoldat viftar med det nye libyske flagget.

Foto: PATRICK BAZ / Afp

Det har vore spekulert i om både Muammar Gaddafi og fleire nære familiemedlemer oppheld seg i byen.

- Ikkje nye forhandlingar

- Eg overlet til den militære sjefen å løyse problemet, seier Abdullah Kenshil, som har leidd forhandlingane med dei Gaddafi-lojale i byen. Kenshil legg til at det ikkje er aktuelt å ta opp igjen forhandlingane.

Dette kan bety at eit militært angrep på Bani Walid kan vere nært føreståande, trass i at det libyske overgangsrådet i går gav Gaddafi-styrkane ein utvida frist utvida frist på ei veke til å overgi seg.

Bani Walid ligg søraust for Tripoli, og Muammar Gaddafi har sterk støtte her. Det har gått rykte om at Gaddafi og minst ein av sønene hans er i byen. Overgangsrådet sa tidlegare i dag at dei veit kvar Gaddafi er. .

- Har godt med våpen

Saadi Gaddafi

Saadi Gaddafi kan opphalde seg i Bani Walid.

Foto: GIAMPIERO SPOSITO / Reuters

- Dei seier at dei iikje vil forhandle meir, og dei truar alle som vil forlate byen. Dei har plassert skarpskyttarar i høge bygningar og i olievenlundar. Dei har godt med våpen, seier Moamer Menshil til nyheitsbyrået Reuters.

Moamer Kenshil seier at han veit at Gaddafi, sønene hans og andre familiemedlemer nyleg har vore i Bani Walid. Han trur to av sønene, Saadi og Mutassim, er der enno. Også den tidlegare talsmannen for regjeringa, Moussa Ibrahim, oppheld seg i byen, seier han.

Det har vore forhandlingar med lokale stammeleiarar i byen i fleire dagar for å sikre ei fredeleg overtaking av byen. Kenshil har sagt tidlegare at det ikkje er meir enn mellom 35 og 50 soldatar i byen som er lojale til Gaddafi, men at dei er tungt væpna.

Moussa Ibrahim er talsmann for Gaddafi.

Moussa Ibrahim kan opphalde seg i Bani Walid

Foto: Ap

LES OGSÅ: – Gaddafi må stilles for retten i Libya

LES OGSÅ: Libyske opprørere benekter Al Qaida-bånd

10 kilometer frå byen

Dei libyske opprørsstyrkane, som no kontrollerer størstedelen av Libya, har posisjonert seg rundt 10 kilometer utanfor byen. Enktelte meldingar tyder på at byen er omringa, og at eit angrep kan kome i løpet av eit par dagar.

Det er uklart om overgangsrådet har kontroll over alle dei militære elementa blant opprørarane.

Dei libyske opprørssoldatane er utolmodige etter å gå inn in Bani Walid.

Dei libyske opprørssoldatane er utolmodige etter å innta Bani Walid, som er på Gaddafi-tilhengjarane sine hender.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Libya gjenopptar oljeproduksjonen

SISTE NYTT

Siste nytt