Hopp til innhold

Gir Gaddafi-støttespelarar ei veke

Dei nye makthavarane i Libya har gitt soldatane som støttar Muammar Gaddafi frist på ei veke til å overgi seg.

Opprørssoldatar utanfor Sirte i Libya.

Opprørarane, som no har makta i det meste av Libya, er klare til å gå inn i byane som framleis blir kontrollerte av Gaddafi-tilhengjarar.

Foto: Gaia Anderson / Ap

Video Sigurd Falkenberg Mikkelsen rapporterer fra Tripoli

NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen er i Tripoli.

Foto: Nyhetsspiller

Gaddafi-styrkane har framleis makta i byane Sirte, Bani Walid, Jufrah og Sabah. Særleg i Sirte, fødebyen til Gaddafi, er det mange som støttar den tidlegare diktatoren. Det har vore rykte om at Muammar Gaddafi skal opphalde seg i Bani Walid, men det går mange rykte i Libya i desse dagar.

Usikkert i Sirte

Det kom tidlegare i dag også meldingar om at Det libyske overgangsrådet sine soldatar alt har innteke byen, men dette er også truleg berre rykte.

NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen oppheld seg i Tripoli. Han seier det truleg er fornuftig av overgangsrådet å utsetje væpna angrep på desse byane.

Det er ein usikker situasjon i Sirte, som er fødebyen til Gaddafi. Her har han sterk støtte, men det er uklart kor mange av hans støttespelarar som er under våpen. Også maktkonstellasjonen i denne byen er noko uklar. Det er også eit spørsmål om kor mange fangar Gaddafi-regimet har teke med seg til byen.

LES OGSÅ: Libya gjenopptar oljeproduksjonen

LES OGSÅ: Frykter Libya-penger vil gå til terrorister

LES OGSÅ: – Britisk og amerikansk etterretning samarbeidet med Gaddafi-regimet

Vil unngå blodbad

FN fraktar vatn inn i Libya sjøvegen.

Vassforsyninga til Tripoli er øydelagd av Gaddafi-styrkane, og innbyggjarane er avhengige av flaskevatn frå FN.

Foto: Giulio Petrocco / Ap

Falkenberg Mikkelsen fortel at det er 50.000 fangar det ikkje er gjort greie for, og det går rykte om at dei er tekne til Sirte. Han trur eit blodbad i Sirte kan skade overgangsrådet si stillling internasjonalt.

NRK-korrespondenten har høyrt rykte om at stammeleiarar i byen har bede om garantiar for at det ikkjeblir plyndring i byen når overgangsrådet sine soldatar går inn, men det er uklart kva som eigentleg ligg i dette. Ingen veit kor stor makt desse stammeleiarane har, eller kor mange soldatar har under sin kommando.

Falkenberg Mikkelsen trur det vil kome eit angrep på dei opprørshaldne byane, dersom dei ikkje overgir seg. Men han meiner dei nye makthavarane i Libya har det militære momentum på si side, og at dei har god tid. Men dei kan ikkje vente for lenge heller.

Stor glede blant opprørssoldatar i Libya.

Opprørsstyrkane i Libya har no kontroll over det meste av landet.

Foto: Gaia Anderson / Ap

- Eg var ved fronten nyleg, og eg trur soldatane er klare til å gå inn om dei må, seier han.

LES OGSÅ: Gaddafi-son vil gjenerobre Tripoli

LES OGSÅ: – Det er altfor mange Gaddafi-folk i Bani Walid

LES OGSÅ: Gaddafi: NATO vil okkupere Libya

Tripoli utan vatn

Vassforsyninga til Tripoli er eit eksempel på at det hastar å få kontroll over heile landet. Vatnet til hovudstaden kjem frå den sørlege delen av landet, der Gaddafi-tilhengjarane har kontroll.

Dei har stengt av vassforsyninga, og Falkenberg Mikkelsen fortel at det ikkje har vore vatn i springen i Tripoli den siste veka.

SISTE NYTT

Siste nytt