Hopp til innhold

- Ikkje som å varsla veret

Å varsla eit jordskjelv er framleis ei uløyst gåte for forskarane. Skarve 30 sekund var tida japanske styresmakter fekk til å førebu seg på torsdagens skjelv.

Video Miyagi TVs kontor blir rasert under jordskjelvet

Mektige naturkrefter var i sving då nok eit jordskjelv råka Japan i dag.

Torsdag blei Japan råka av nok eit kraftig jordskjelv. 20 menneske er skadde, straumen gjekk i fleire distrikt og det blei sendt ut tsunamivarsel. Eit halvt minutt før skjelvet, var det ingen som visste kva som var i gjære.

For 30 år sidan trudde seismologane at dei var nær ved å utvikla instrument for å predikera store jordskjelv.

– I dag er me meir nøkterne, seier seniorforskar Conrad Lindholm ved forskingsinstituttet NORSAR til NRK.no.

– Ikkje vêrvarsling

Kart over jordskjelv-historikk i Japan

Kart over jordskjelv-historikk i Japan.

Foto: US Geological Survey / USGS

Jordskjelv er rystingane som oppstår som følgje av plutselege brot i jordskorpa. I fleire tiår har ekspertane forsøkt å utvikla metodar og instrument for å predikera tid, stad og styrken på jordskjelv.

Ingen har førebels lukkast med å knekkja jordskjelv-koden.

– Spenningane i jordskorpa er altfor komplekse til at me greier å varsla eit skjelv på same måte som ein meteorolog varslar veret, fortel seniorforskar Lindholm.

Treplanke

Skadeavgrensing i dag baserer seg difor på statistiske berekningar for rystingar over tid. Seismologane kan med rimeleg sikkerheit rekna seg fram til kva tid det vil koma store jordskjelv innanfor ein 10-100års periode.

Dei greier likevel ikkje å gjennomskua nøyaktig kvar spenningane byggjer seg opp, eller kva tid grensa er nådd og jordskorpa får ei brest.

– Du kan samanlikna det med å bøya ein treplanke over ei jernstang. Du veit at planken på eit tidspunkt vil knekkja, men du kan ikkje seia akkurat kva tid det vil skje, forklarar Lindholm.

Video Conrad Lindholm om jordskjelv

Seniorforskar greier ut om jordskjelvet i Japan den 7.april i Dagsrevyen.

Framleis håp

Forskarane har på ingen måte gjeve opp håpet om at dei ein dag vil koma fram til gode, presise instrument for jordskjelv-varsling.

Lindholm er likevel ikkje så sikker på at eit slikt varsel er den beste måten å redda liv på.

– For det første vil mange bita tennene saman og halda fram med rutinene sine. For det andre vil falske alarmar som resulterer i masseflukt føra til store økonomiske tap for det aktuelle landet, seier jordskjelv-eksperten.

– Solide bygg betre enn varsling

Straumbrot etter jordskjelv i Japan

Dagens jordskjelv førte til straumbrot og komplikasjonar fleire stader i Japan.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Han meiner solide bygg er og blir det beste vernet mot jordskjelv-skadar, og viser til Japan, som er eitt av dei mest jordskjelv-utsette landa i verda.

Der er skyskraparane spesialkonstruerte og hurtigtoga utstyrte med hypersensitive sensorar som fangar opp dei første signala av eit skjelv.

– Nokon meiner også at overvaking ved hjelp av sensorar på havbotnen kan gje gode varsel for jordskjelv. Men slike sjøsensorar finst utanfor Japan, og dei greidde ikkje å plukka opp signal før det katastrofale jordskjelvet den 11.mars, seier Lindholm.

Jordskjelv

Jordskjelvet som råka Japan den 11.mars er det kraftigaste i Japan på meir enn 140 år, og det fjerde største nokosinne registrert på jorda. Ekspertane hadde ikkje mogelegheit til å predikera katastrofe-skjelvet.

Foto: Lee Jin-man / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt