Hopp til innhold

World Cup til Granåsen?

Det kan bli worldcuprenn i Granåsen neste år, fordi Holmenkollen skal byggast om.

Publikum Granåsen
Foto: NRK

Fredag var arrangørane av NM i nordiske greiner i Granåsen i kontakt med Norges Skiforbund.

Der fekk dei høyre at Trondheim er kandidat til å arrangere worldcup renn i Granåsen neste år.

- World Cup renna skulle etter planen gå i Holmekollen neste år, men dei må flyttast grunna ombygging. Granåsen står på blokka som poteniselle arrangørar, men det er ein føresetnad at vi viser at vi greier å skape skifest, seier leiar for organisasjonskomiteen Svein Ove Dyrdal til NRK Trøndelag.

Han oppmodar difor alle til å kjenne si besøkingstid og ta turen i Granåsen i løpet av den neste veka.