Hopp til innhold

Stor etterspurnad etter ved: – Kan selje ein semitrailer dagleg

Kulda har prega store delar av landet den siste tida – det har vedseljarane merka godt.

Vedselger Arve Olsø

HØG ETTERSPURNAD: Dei siste vedsekkane til vedseljar Arve Olsø er seld.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

– Det er ein enorm etterspurnad framleis, seier Arve Olsø.

Han produserer, sel og leverer ved frå garden sin ved Jonsvatnet.

Så høg er etterspurnaden at han tidleg i desember ikkje har meir ved å selja.

Olsø er bekymra for dei som ikkje har fått tak i ved endå, men seier at det framleis finst bønder som har igjen.

– Det er ofte litt utpå bygda dei har igjen ved, for dei kan jo ikkje køyra inn til byane og levera 20 sekker, seier han.

Vedselger Arve Olsø

Olsø har produsert ved i over 20 år.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Ein semitrailer om dagen

På Obs Bygg merkar dei også auka pågang.

Varehussjef i Trondheim, Anita Moseng, fortel at dei på somme dagar kan selja ein semitrailer om dagen. På ein semitrailer er det 28 pallar.

– Me har bilar som køyrer inn og ut heile tida.

Anita Moseng, varehussjef ved Obs Bygg

Anita Moseng er veldig fornøgd med vedsalet i sesongen.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Men Moseng er ikkje bekymra for at folk skal gå jula i møte utan ved.

Ifølgje leverandørane skal dei ha nok.

– Så lenge me bestillar skal me ha på lager, seier ho.

Les også Har du hund, katt, kanin eller et annet kjæledyr? Slik passer du på dem i vinterkulda

Linda Helberg og hunden Rocky

Varehussjefen fortel at dei får levert ved frå fleire land i Europa, og at dei dermed har god tilgang på varet.

Gav bort alt

Inne i butikken på Leangen, har Jan Olav Finne sikra seg eitt par sekker. Vedlageret hans vart nemleg også tomt.

– Eg har gitt bort all veden min til sonen. Han har kjøpt seg hytte og trong det. Dermed må eg ut å kjøpa sjølv, men det er greitt. Eg gir til ei god sak, seier han lurt.

Les også Redd for å bli syk før jul? Å «booste» immunforsvaret ditt er ikke svaret

C-vitaminer og hvitløk er populære produkter å bruke for å holde seg frisk og sunn.

Neste vinter

På garden ved Jonsvatnet tenkjer Olsø no mot neste vinter.

– Viss du høgg, kappar og kløyvar det no, og lèt det stå utover vinteren og forsomrane, så er det tørt og klar til bruk neste år, forklarer han.

Tømmeret ligg klart, men kulda tillèt ikkje å ta i bruk maskina som kappar den opp.

– Dette skal vera klart til sommaren, seier Olsø og peikar mot tømmerhaugen.

Tømmer som skal bli til ved neste år

Før dette tømmeret er klart til å bli putta i peisen må det kappast og blir tørka.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Les også Gaupe vandret utenfor matbutikk: – Mer urban enn det vi vanligvis ser

Ei gaupe utenfor en matvarebutikk