Over hundre tilsette ved Fosen Mek. er sagt opp.
Arbeidarane i Rissa meiner regjeringa har skulda for at industriarbeidsplassane på Fosen blir lagt ned.
No krev den kriseramma regionen ein betre industripolitikk, seier Ronny Risvik som er hovudtillitsvalt i verkstadklubben ved Fosen Mekaniske Verksteder:
- Dei mangler ein handlingsplan og dei har ingen strategi for arbeidsplassane i industrien lenger. I tillegg vil dei ha fri flyt av alt.
Stopper arbeidet i tre timar
Klokka elleve fredag formiddag la over tre hundre tilsette ved verftet ned arbeidet i tre timer. Det samme gjorde eit par hundre frå Elpro, Sylinderservice, Legra, Pipelife og Lyng Gruppen:
Ronny Risvik er hovedtillitsvalgt for verkstadsarbeiderne på Fosen mek, og han var svært fornøyd med fremmøtet.
Demonstrantene møttes utenfor rådhuset til protest mot styresmaktene, som dei meiner har skulda for at Fosen har mista svært mange arbeidsplassar den siste tida.
- Vi har allereie sagt opp hundre på Fosen Mek., og vi ser at fleire andre verksemder er i ferd med å permittere folk. I tillegg må vi permittere resten av arbeidsstokken, seier Risvik.
Sterke meninger
"Gabrielsen din tosk". Dette var skriften på eit av bannera som toget inn på Rissa torg fredag formiddag. Apellene og det store antall fremmøtte bar tydeleg preg av at industriarbeiderne på Fosen er svært missnøgde med regjeringas industripolitikk.
Må ha handlingsplan
Difor krev Risvik og dei andre at regjeringa får til ein handlingsplan for å redde stumpane av industrien i landet:
- Vi må begynne å sjå på kva vi kan gjere for industrien. Vi kan ikkje leve berre av det offentlege, vi må ha noko næringsskapande i Noreg også.
Markering på Torget
Klokka 13.00 i dag var det også ei større markering på Torget i Trondheim, der streikande arbeidarar frå heile distriktet deltok. Leiar i LO i Trondheim, Arne Byrkjeflot, holdt blandt anna apell.
- Vi ser allereie no at både Norges Bank og dei politiske styresmaktene er pressa, så no er brått kronekursen og valutapolitikken eit tema. I tillegg er kronekursen på veg ned, og det viser at det politiske presset begynner å verke og at det må aukast slik at vi verkeleg får utteljing.