Hopp til innhold

Vil fjerne regionale helseføretak

Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet ønsker å leggje ned dei regionale helseføretaka.

Sykehus (Illustrasjonsfoto)
Foto: colourbox.no

Partia vil heller at sjukehusa skal sentralstyrast av staten.

– Når vi har regionale helseføretaka får vi eit unødvending mellomledd som både er byråkratisk og dyrt. Vi meiner pengane må gå til pasientbehandling. I tillegg er det store skilnader mellom dei ulike regionane, seier helsepolitisk rådgivar for Framstegspartiet, Ole Berget til NRK Midtnytt.

Han legg til at sykehusreformen, som skulle vere ein ansvarsreform, som skulle samle ansvaret for statsråden, har blitt ein ansvarsfråskivingsreform.

– Bjarne Håkon Hansen har dytta dei regionale helseføretaka framfor seg for å freiste å skjule sin eigen dårlege politikk, seier Berget.

Sør og aust slått saman

Fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik frå Arbeiderpartiet, er av ein heilt annan oppfatning.

Han viser til at dette blei prøvd då Helse Sør og Helse Aust blei slått saman i 2007. Ifølgje Sandvik utgjer det nye helseføretaket nesten halvparten av innbyggarane i Noreg og halvparten av helsetenestene.

– Det fungerer ikkje. Underskotet det året dei blei slått saman var på fire milliardar kroner. Dei greier ikkje få kontroll på kostnadane. Dette blir i neste omgang lasta over på dei tilsette som må springe endå fortare og ta igjen store underskotet. Vi får også eit dårlegare helsetilbod og større avstandar.

Fryktar stort helseføretak

Tore O. Sandvik ser mørkt på eit stort helseføretak på Austlandet. Han forklarar at det har blitt jobba for rette opp ei veldig urettferdig skeivdeling.

– Helse Sør-Aust fekk 800 millionar for mykje, mens Helse Midt-Norge fekk 500 millionar kroner for lite. Utan støtte frå dei regionale helseføretaka i vest og i nord, ville vi aldri fått retta det opp, seier Sandvik.

Ifølgje fylkesordføraren var det det store helseføretaket i Oslo som stod i vegen, men saman med dei tilsette og eit tverrpolitisk samarbeid greidde dei å rette det opp.

– Om vi gøymer alle i eit stort føretak i Oslo vil vi ikkje ha same nærleiken og mulegheita til å påverke, seier Sandvik.

Helsedirektorat i Trondheim

Ole Berget meiner eit helsedirektorat ikkje nødvendigsvis må liggje i Oslo.

– Det kan like godt liggje i Trondheim med nærleik til Sintef, NTNU og St. Olavs Hospital som er eit fantastisk flott sjukehus. Vi må samle Noreg til eit helserike der alle pasientar har likeverd når det gjeld mulegheiter, seier Berget.

Han peiker på at det er 60 000 fleire i helsekø med den raudgrøne regjeringa.

– Eg er overraska over at Arbeiderpartiet ikkje ser på mulegheitar for å få kutte køen, i staden for verne om dei helserepublikkane vi har, seier Berget.

– Vi får ikkje til å kutte i køen ved å flytte 50 tilsette av dei 100 000 årsverka i HelseNoreg til Oslo. Vi treng nærleik mellom dei som skal styre helseføretaka og dei tilsette. Det får vi gjennom dei regionale helseføretaka, så vi treng ikkje ein ny mastodont i Oslo, seier Sandvik.