Hopp til innhold

Her siktar ein rusa mann med våpen ut mot sentrumsgata i Verdal

Politiet har starta etterforsking etter at ein mann i 30-åra sat på restaurant og sikta mot gata med eit våpen. Det heile vart fanga på film.

Søndag 6. juni sat ein mann i 30-åra på restaurant i Verdal og sikta med våpen ut mot gata.

VÅPEN: Videoen, som har blitt delt på Snapchat, viser ein mann som rettar eit våpen mot ein forbipasserande bil i Jernbanegata i sentrum av Verdal søndag 6. juni.

– Eg var full. Det var ikkje meininga at nokon skulle bli redde. Eg legg meg heilt flat, seier den angrande mannen til NRK ei veke etter hendinga.

Filmen viser at mannen siktar på ein forbipasserande bil.

Det er enno uvisst om våpenet er ekte eller ikkje.

Det var Trønder-Avisa som omtalte videoen først.

Har opplysningar om at våpenet ikkje var ekte

Hendinga skal ha skjedd på restauranten «Lille New York» i Verdal søndag for ei veke sidan.

– Eg såg plutseleg at ein mann sikta med eit våpen mot gata. Då ville eg ikkje gå ut på verandaen for å prate med han sjølv. Eg tenkte at eg heller måtte skunde meg å kontakte politiet, fortel dagleg leiar Abdalkarim Muhammad Sis til NRK.

Han heldt kontakten med politiet fram til ein patrulje kom til staden fem til ti minutt seinare.

Politiet fekk kontroll på mannen, men ikkje på våpenet.

Etterforskingsleiar Hilde Mari Musum ved Levanger og Verdal lensmannskontor er tydeleg på at saka framleis er under etterforsking.

Våpenet i videoen framstår som eit Kalashnikov automatvåpen, også kalla AK.

– Var dette eit ekte våpen?

– Det har vi ikkje fått verifisert 100 prosent. Vi har opplysningar om at det ikkje var eit ekte våpen, men det er jo ting vi jobbar med å finne ut av, seier ho til NRK.

Politiet ser uansett på saka som alvorleg.

– Veldig flaut

Mannen som heldt våpenet seier til NRK at det ikkje var han som tok med våpenet til restauranten. Han fortel at ein person kom syklande med det.

Restauranteigaren bekreftar at ingen av personane som kom inn i restauranten og bestilte mat, hadde med seg våpen.

Mannen var rusa, ifølge politiet, men restauranteigaren såg ikkje nokre tydelege teikn til det.

– Han såg ikkje «full» eller rusa ut. Han bestilte mat og drikke som normalt, slik som dei tre andre personane han var der saman med.

Mannen er avhøyrt av politiet tre gonger.

– Den sikta erkjenner at han heldt våpenet, og at det var ei dum handling. Han forstår at politiet no etterforskar dette, opplyser etterforskingsleiaren.

– Eg synest det er veldig flaut. Eg angrar på at eg tok opp våpenet, seier mannen til NRK.

Utestengt frå restauranten på livstid

Restauranteigaren synest det heile var ganske rart og surrealistisk.

– Det er ganske strengt her i Noreg. Det er veldig sjeldan at det skjer noko slikt på ein restaurant.

NRK har fått tilgang til eit brev som viser at mannen er utestengt frå restauranten på ubestemt tid – men restauranteigaren opplyser om at det er snakk om utestenging på livstid.

I brevet står det at mannen «virket truende på de andre gjestene», og at restauranten ser på det som ein alvorleg situasjon.

– Vi tek stor avstand frå slik oppførsel. Vi ynskjer ikkje slike hendingar på vår restaurant, seier restauranteigaren til NRK.

Etterforskingsleiaren i politiet opplyser om at fleire vitne er avhøyrt, men at det også vil bli avhøyr i tida framover.

– Vår prioritet no er å få tak i våpenet, og få kontroll på det. Uansett om det er eit ekte eller eit uekte våpen, så er det viktig, fastslår ho.