Hopp til innhold

Verge stal pengar frå utviklingshemma brør – Wara betaler ikkje ut erstatning

Staten vil ikkje utbetala erstatning til dei to psykisk utviklingshemma brørne som tapte 130.000 kroner då vergen underslo pengar. Det slår justisminister Tor Mikkel Wara fast.

Underslag og svindel

UNDERSLAG: Vergen som skulle forvalte pengane til et brødrepar frå Trondheim stal nærmare 200.000 kroner. FOTO: FAKSIMILE

Foto: Faksimile

Staten har ikkje erstatningsansvar for to psykisk utviklingshemma brør som mista 130.000 kroner då deira no avdøde verje underslo pengar frå dei, skriv justisminister Tor Mikkel Wara i eit svar til stortingsrepresentant Karin Andersen (SV).

– Eg blei overraska og sint då eg las svaret. Det er helt urimeleg at dei skal ta dette tapet, og eg er overraska over at ikkje staten vil ordne opp i det, seier Andersen til NRK i dag.

NRK avslørte for ei veke sidan at ein verje i Trondheim i løpet av eit års tid stal 200.000 kroner frå fleire personar han var verje for i Trondheim. Like etter underslaget blei oppdaga, døydde vergen, men staten gav ikkje brørne erstatning etter tapet.

Ny verje kravde erstatning til brørne

– Det er ingen som godtar dette, sa kvinna som blei oppnemnd som ny verge til NRK.

På grunn av teieplikta står ho ikkje fram med namn.

– Eg meiner staten må haldast ansvarleg, skreiv ho i kravet til Statens sivilrettsforvaltning.

Statens sivilrettsforvaltning avslo pengekravet fordi erstatning berre blir gitt dersom staten har gjort ein feil.

Ba justisministeren rydda opp

SV stortingsgruppe

URIMELEG: SVs Karin Andersen bad justisministeren hjelpe brørne som blei svindla av vergen sin, men fekk ikkje medhald.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Dette fekk Karin Andersen (SV) i Stortingets kommunal- og forvaltningskomite til å reagera. Ho kravde at justisministeren rydda opp, og sa til NRK at avslaget strir mot folk si rettsoppfatning.

– Det er staten som vedtar vergemål. Då er det nokon som skal hjelpe deg og passe på pengane dine – ikkje ta dei, sa Andersen til NRK.

I dag svarer justisministeren at det er skadevaldar, og ikkje staten, som er erstatningsansvarleg for økonomisk tap som følgje av straffbare handlingar.
Wara skriv i svaret til Andersen at dette:

« ... betyr at staten sitt ansvar for konsekvensar av vergene sine handlingar følger alminnelege regler om statens erstatningsansvar.
Staten har ikkje ansvar utover dette».

– Kan opplevast urimeleg

Men i siste avsnitt av brevet skriv justisministeren:

«Eg har forståing for at det kan opplevast urimeleg at vergehaver ikkje får tilbake det beløpet som vergen har underslått. Departementet går for tida gjennom fleire sider ved vergenmålordningen, og det vil i den forbindelse kunne vere aktuelt å sjå nærmare på om det bør etablerast ei ordning som kan dekke denne typen tap.»

NRK er blitt kontakta av fleire etter oppslaget, og ei kvinne vil starte kronerulling for brørne.

– Det er fantastisk at folk prøver å ta tak når dei ser andre lir urett, men dette er staten sitt ansvar, seier Andersen.