Hopp til innhold

Naboar har fått nok av «Sydenfesting» i bydel – no tar kommunen og utleigarane grep

Dei største utleigarane vil samarbeide om å få på plass vaktmester- eller vektarordning etter vekesvis med utagerande festing i bydel i Trondheim.

Bydelen Møllenberg i Trondheim opplever utagerende festing.

MØLLENBERG: Kommunen og utleigeselskapa tar grep for å bremse festkulturen på Møllenberg i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

NRK omtalte tysdag festinga i bydelen Møllenberg i Trondheim. Bydelen har lenge hatt mange studenthyblar, men under pandemien har fleire av studentane flytta festen frå byen og heim til kollektivet.

Naboane fortvilar. Politiet meiner det til tider minner om ei festgate i Syden, og kommunedirektør Morten Wolden går så langt som å kalle det «Ayia Napa-tilstandar».

No vil Trondheim kommune ha slutt på festbråket på Møllenberg. Onsdag var det møte mellom dei store utleigarane og kommunen på rådhuset. Alle er einige om at noko må gjerast med festkulturen.

– Det er kjempeviktig. Vi har hatt ein diskusjon rundt forholda på Møllenberg lenge. Det er riktig ille. Det er ein situasjon som ikkje kan halde fram, fastslo kommunedirektør Morten Wolden etter møtet.

Ber dei største utleigeselskapa ta ansvar

To av dei største utleigeselskapa på Møllenberg: Brevik boligutleie og Krebreal eiendom var til stades på rådhuset onsdag.

Dei har nærare 150 leilegheiter til utleige kvar. Hovudsakleg på Møllenberg, men også i nabobydelane Singsaker og Bakklandet.

– Det er mange som driv med utleige på Møllenberg, så eg trur det er viktig at dei største utleigeselskapa no tar eit større ansvar for å få orden på dette, seier kommunedirektør Morten Wolden.

Han ynskjer også å få dei mindre utleigeselskapa i tale framover, sidan dette skal vere ei felles satsing.

– Dei store utleigarane har finansielle og økonomiske musklar. Dei har mykje på stell, slik eg oppfattar det. Både når det gjeld husordensreglar og oppfølging av leigetakarane sine.

Dagleg leiar Ragnar Brevik i Brevik boligutleie er nøgd med samarbeidet med kommunen.

– No har vi ein god dialog. Det blir eit nytt møte i neste veke, informerer han.

Morten Wolden

– UHALDBART: Det er ein situasjon som ikkje kan halde fram, seier kommunedirektør Morten Wolden i Trondheim, som no er glad for å samarbeide med dei største utleigarselskapa på Møllenberg.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Ynskjer vaktmester- eller vektarordning

Bjørn-Erik Hanssen er styremedlem i Møllenberg og Rosenborg velforeining. Han har budd på Møllenberg nesten heile livet.

Måndag gjekk han ut og etterlyste ei tydelegare vaktmester- eller vektarordning.

– Det vil ansvarleggjere huseigarane. Det må vere mykje strengare enn no. Det må vere slik at dei blir bøtelagt øyeblikkeleg om dei bryt politivedtektene. Slik det er no, får ein advarsel først.

Ei vaktmester- eller vektarordning er noko kommunen og dei største utleigarane vil følge opp etter møtet onsdag.

– Eg ser ikkje bort ifrå at vi kan samarbeide om det. Det er eit tema som blir diskutert, og som vi vil komme tilbake etter kvart, seier Brevik.

Wolden trur det kan vere ein god idé.

– På den måten kan ein komme inn og avbryte festane på eit mykje tidlegare tidspunkt. Når politiet kjem utpå natta, er det ofte litt for seint, seier kommunedirektøren.

FESTBRÅK: Bebuarane på Møllenberg fortvilar over festbråk langt utover natta – også midt i veka.

– Verst dei siste to åra

Brevik synest situasjonen på Møllenberg er fortvilande.

– Det er veldig uheldig. Spesielt dei siste to åra har det vore ekstra ille. Det er kanskje på grunn av den situasjonen vi har vore i med pandemi.

Også Kristine Brauti i utleigeselskapet Krebreal eiendom peikar på pandemien som ein mogleg årsak til at det har blitt meir festbråk.

– Det er trist. Det har blitt vesentleg verre dei to siste åra når utestadane har vore stengt. Når ein ikkje har nokon plass å reise til, blir ein heime, seier ho.

Brevik meiner dei er flinke til å følgje opp klager.

– Dersom vi får klager frå naboar tar vi tak i den konkrete leilegheita det gjeld, og sender mail eller ringer. Dersom det ikkje blir betre då, må vi gå meir drastisk til verks. Dei respekterer det når eg snakkar med kvar enkelt, fastslår han.

Kristine Brauti og Ragnar Brevik

GOD DIALOG: Kristine Brauti frå utleigeselskapet Krebreal eiendom og Ragnar Brevik frå Brevik eiendom fortel at selskapa møtast fleire gonger i året. No skal dei også samarbeide med kommunen for å få kontroll på festbråket på Møllenberg.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

Fryktar folk flyttar frå bydelen

Om lag halvparten av bebuarane på Møllenberg er studentar.

– Viss vi ikkje klarer å stoppe den uroa som er der no, blir det endå fleire som flyttar ut, og endå fleire studentar som flyttar inn, seier Wolden.

Har Trondheim kommune svikta litt når det gjeld denne bydelen?

– Det er begrensa kor mange moglegheiter vi har til å bremse dette. Når huseigarar gjer om sine bygg til hyblar, kan vi ikkje nekte dei det, seier Wolden.

– Det er stort behov for leigebustadar. Det må vere lov å drive business, påpeikar Brevik.

Hanssen fryktar mange flyttar frå Møllenberg dersom det ikkje blir gjort noko.

– Det er kritisk. Dersom det ikkje blir gjort noko no, er det fare for eit ganske alvorleg forfall. Mange folk kjem til å flytte, og studentar får drive på slik dei vil.

Bjørn-Erik Hanssen

KRITISK: Bjørn-Erik Hanssen i Møllenberg og Rosenborg velforeining kallar situasjonen på Møllenberg kritisk. Han fryktar mange kjem til å flytte.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Vil begrense talet på studentbustadar

Velforeininga vil lage ei liste med konkrete forslag til politikarane.

– Det er enkelte politikarar som har sagt at dei ikkje har noko verktøy i verktøykassa for å stoppe dette. Då må vi hjelpe til, seier Hanssen.

Han ynskjer å jobbe med meir langsiktige tiltak.

– Det bør ikkje overstige ein viss prosent studentbustadar. Det må begrensast. Studentane byttast jo ut heile tida. Det bør vere meir tilrettelagt for at folk kan bu der over lenger tid.

Hanssen får støtte frå kommunedirektøren.

– Det er kjempeviktig korleis vi no jobbar med bumiljøet i dette området, slik at det blir attraktivt både for studentar og andre.