Hopp til innhold

Barnefamilie føler seg utrygg – vil flytte vekk frå bydel i Trondheim

Foreldreparet spør seg om det er riktig å la ungane vekse opp på Lademoen. Kommunen ynskjer no å selje fleire bustadar, for å betre det belasta bumiljøet.

Barnefamilie på Lademoen i Trondheim

VURDERER Å FLYTTE: Pappa Trygve, Johanna (6), Mamma Ane og Bjørn (7) Lunheim føler det er utrygt å bu på Lademoen i Trondheim.

Foto: Per Olav Alvestad / NRK

Ane Sandtrø Lunheim og Trygve Lunheim vurderer å flytte frå Lademoen, saman med borna sine Bjørn (7) og Johanna (6).

NRK møter dei i idylliske omgjevnader i Lademoparken. Familien spelar boccia og kosar seg saman på den varme sommardagen.

Men nabolaget er langt frå like idyllisk.

Det har vore prega av fleire alvorlege hendingar den siste tida.

På mindre enn to år har det skjedd to drap i same gate – berre eit steinkast unna familien Lunheim.

Rus og støy pregar bydelen – også midt på lyse dagen.

Det er mange kommunale bustadar for einslege på Lademoen. Mange frå psykiatri, rus- og kriminalomsorg blir plasserte i ein bydel der ein også ynskjer å legge til rette for småbarnsfamiliar.

– Det fører jo til at ein revurderer busituasjonen, og tenker på om ein kanskje skulle ha flytta på seg. Om det er riktig å la ungane vekse opp i dette miljøet vi bur i no, seier Ane.

Må følge ungane overalt

Familien Lunheim valde å busette seg på Lademoen for åtte år sidan. Dei likar dei fine parkområda og at det er så sentrumsnært.

Men den siste tida har dei vore vitne til narkotikahandel blant ungdommar på open gate.

– Det er ikkje så hyggeleg. Du har ikkje lyst til at ungane dine skal vekse opp i det, seier Ane.

Trygve og Ane slepp ikkje ungane ut aleine. Dei føler det ikkje er trygt.

– Vi følger borna viss dei skal besøke vener, sykle eller gå tur i parken. Vi veit aldri kva som møter dei utanfor døra, seier Ane.

Trygve Lunheim og Ane Sandtrø Lunheim på Lademoen

UROLEGE: Trygve Lunheim og Ane Sandtrø Lunheim må følge borna sine overalt, fordi dei ikkje kjenner seg trygge på Lademoen lenger.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

– Ungane får kanskje med seg meir enn vi trur. Men vi prøvar å skåne dei så godt vi kan, seier Trygve.

Dersom familien på fire gjer alvor av å flytte på seg, er det primært på grunn av utviklinga i nærmiljøet den siste tida, og ikkje plassmangel.

– Vi vil flytte til eit rolegare område. Vi bur ikkje veldig trongt, fortel Ane.

Ane og Trygve seier at dei stadig høyrer roping og bråk frå gata – også på dagtid. Men dei trur dette er noko barnehagen legg mest merke til.

– Borna blir engstelege når dei ser politibilar

Lademoen barnehage ligg i Østersunds gate – gata der det har skjedd to drap på halvtanna år.

Nabolaget er prega av hyppige politiutrykkingar, og synlege sperreband frå politiet.

– Fleire av borna blir veldig engstelege viss dei ser ein politibil. Politiet skal vere der for å hjelpe oss, ikkje for at vi skal bli redde, fastslår barnehagestyrar Gøril Linge Five.

Gøril Linge Five, Lademoen barnehage

ÆRLEGE: I Lademoen barnehage vel dei å vere opne og ærlege med borna, om at det har skjedd drap i nabolaget, fortel barnehagestyrar Gøril Linge Five.

Foto: Per Olav Alvestad / NRK

I barnehagen vel dei å vere opne med borna om kva som føregår i nabolaget.

– Ungane får med seg at det er sperreband rundt husa, og spør kva som har skjedd. Vi er så ærlege at vi fortel at det har vore drap i nabolaget. Det gjer foreldra også.

Barnehagestyraren meiner bebuarane i dei kommunale leilegheitene får altfor dårleg oppfølging frå kommunen. Det er Trygve Lunheim einig i.

– Eg synest kommunen kan ta tak i den utviklinga som har vore, med ein miks av bebuarar, og mange kommunale bustadar, seier han.

Kommunen vil selje leilegheiter på Lademoen

Totalt er det 4000 kommunale bustadar i Trondheim – på Lademoen er det nær 300.

Lademoen er ein av bydelane i Trondheim med flest kommunale utleigebustadar. 11 prosent av befolkninga bur i ein kommunal bustad. Ein fjerdedel av desse passar for barnefamiliar.

Sjølv om det er mange bustadar for familiar utanom dei kommunale bustadane, meiner Trygve Lunheim at kommunen må ta grep.

– Veldig mange flyttar når dei får barn nummer to. Leilegheitene er små, påpeikar han.

Men plassmangel er ikkje det einaste problemet. Familien Lunheim er svært tydelege på at bumiljøet i bydelen må gjerast noko med.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå at nokon no kjenner seg utrygge. Kommunen jobbar med å sikre ei endå større spreiing av dei kommunale bustadane, opplyser helse- og velferdsdirektør Wenche Dehli i Trondheim kommune.

Wenche Dehli, helse- og velferdsdirektør i Trondheim kommune

HAR PLANAR: Wenche Dehli, helse- og velferdsdirektør i Trondheim, fortel at dei jobbar med å spreie dei kommunale bustadane over eit større geografisk område.

Foto: Marita Solheim / NRK

Det er vedteke at 55 bueiningar skal bli avvikla. Kommunen skal også fremje sal av 111 bustadar på Lademoen.

– Vi prøver å fordele utleigebustadane over heile byen. Vi jobbar no med å selje oss ned på bustadmarknaden og omfordele, slik at vi får færre bustadar på Lademoen, seier byutviklingsdirektør Einar Aassved Hansen i Trondheim kommune.

Kommunen vil forsøke å få ei best mogleg bebuarsamansetning, for å unngå problem med bumiljøet.

– Når det gjeld forventningane til oss som kommune, trur eg enkelte opplever at vi står litt for mykje med hendene på ryggen, og ikkje heilt tar tak i problema dei ser. Men det er ikkje alle bebuarar som ynskjer å ta imot hjelp, og då er det vanskeleg for oss, fastslår Dehli.