Hopp til innhold

Festing heilt ute av kontroll i studentbydel: – Dette kan ikkje fortsette

Sosiologiprofessor kallar bydelen Noregs beste eksempel på «studentifisering». Politiet meiner det til tider minner om ei festgate i Syden.

FULL FEST: – Kvar einaste helg og fleire gonger i veka får velforeininga melding om nattestøy og festbråk, som gjer at folk ikkje får sove, fortel leiar i velforeininga på Møllenberg, Ellen Loxley.

– Eg søv knapt heime no på grunn av nattestøy, seier Felix Seifert.

Han bur på Møllenberg i Trondheim og fortel om høglydt festing i gata hans nærmast kvar natt sidan studiestart.

Berre i førre veke rykte politiet ut til 36 festrelaterte oppdrag i nabolaget hans.

Kommunedirektør Morten Wolden seier til Adressa at han «vil kalle det Ayia Napa-tilstandar».

– Det er litt rolegare på måndagar, og så er det «på an igjen», seier Seifert.

No er han så lei av bråk at han vurderer å flytte frå bydelen.

Han allereie fått takst på leilegheita si som han har budd i i to år, og seier han er «ganske nær» å selje.

– Etter at studentane kom tilbake i fjor haust har det rett og slett vore umogleg for meg å få ei god natts søvn her, seier han.

Felix Seifert

SØVNLAUS: Felix Seifert har budd med kjærasten sin ein annan stad i byen etter studiestart.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

Som ei festgate i Syden

– Møllenberg minner til nokre tider om ei festgate i Syden, seier Torkjel Rendal.

Leiaren for politipatruljane bekreftar at det har vore meir nattestøy i området i haust enn før pandemien, men kjenner seg ikkje igjen i påstandane om at det også er mykje natteuro midt i veka.

Torkjel Rendal

Torkjel Rendal leiar politipatruljane i Trondheim.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Det har vore få meldingar om bråk i vekedagane utanom faderveka, seier han.

I førre veke rykte politiet ut til 36 oppdrag relatert til feststøy på Møllenberg, til samanlikning var det 32 innmelde oppdrag same stad i fadderveka.

– Enkeltpersonar manglar folkeskikk

Leiaren i Studenttinget i Trondheim, Andreas Knudsen Sund, understrekar at fleire studentar også vert plaga av støyen.

– Eg trur det handlar om at enkeltpersonar manglar folkeskikk, seier Sund.

Han anbefaler folk om å melde ifrå og ansvarleggjere utleigaren sin.

– Ein må be om skikkelege kontraktar der vert stilt krav om å respektere natteroa.

– Utleigarane må ta ansvar

Sosiologiprofessor ved NTNU Aksel Tjora brukar omgrepet studentifisering når han snakkar om sentrumsnære bydelar som blir dominerte av studentar.

– Møllenberg er nok det beste eksempelet på dette i Noreg, seier han.

Tjora opplevde sjølv studentifiseringa av Møllenberg på nært hald då han budde der mellom 1995 og 2005.

Han meiner terskelen for å seie ifrå om bråk vert lågare når ein bur i same hus, og at ei meir variert samansetting av folk i forskjellige livssituasjonar ville hindra det verste bråket på Møllenberg.

FESTIVALFORSKER: Aksel Tjora har forsket på både små og store festivaler i Norge.

EKS-MØLLENBERGER: Sosiologiprofessor og tidlegare Møllenberg-bebuar Aksel Tjora.

Foto: KJARTAN OVESEN / NRK

– Det at det har blitt så mange reine studenthybelhus skapar problem, seier Tjora.

Sosiologiprofessoren meiner opphopinga av studentar skapar ein negativ spiral der det å feste langt utover natta blir oppfatta som heilt greitt, og meiner utleigarane må stille strengare krav til leigetakarane sine.

– Dei unge må sjølve ta ansvaret og vere vaksne, men huseigarane må også seie tydeleg ifrå til leigetakarane sine om kva som er greitt, seier Tjora.

Meiner hyblifiseringargumentet er ei avsporing

Bjørn Morten Brauti er dagleg leiar i Krebreal Eiendom, som eig rundt 150 leilegheiter på Møllenberg og nabobydelane Singsaker og Bakklandet i Trondheim.

Cirka 50 prosent av dei som leiger leilegheiter hos Krebreal eigedom er studentar.

– Dei aller fleste av dei er veldig audmjuke og beklagar seg når dei skjønner at dei har gått over streken, seier Brauti.

Alle som leiger med Krebreal eiendom må skrive under på at det ikkje skal vere sjenerande støy i leilegheitene etter klokka 23.00.

– Ved gjentakande brot på ordensreglane kan det gje grunnlag for oppseiing, seier han.

Krebreal Eiendom sender også ut ein e-post to gongar i året der dei minner om ordensreglane i deira leilegheiter. I desse e-postane gjev dei og råd om korleis leigetakarane deira bør vise omsyn til naboar om dei har fest.

– Tar huseigarane nok ansvar for feststøy på Møllenberg?

–Eg kan ikkje svare for andre enn oss, men om eg får klager så hender det at vi sjølv køyrer ein tur på Møllenberg om kvelden, svarar Brauti.

Han meiner det er feil å blande inn hyblifisering i diskusjonen om feststøy.

– Hybelhus er hus utan fellesareal. Hadde vi hatt hybelhus hadde det ikkje vore noko feststøy, for då hadde ikkje studentane hatt nokon stad å feste.

Møllenberg.

MØLLENBERG: I denne gata på Møllenberg er det så mykje bråk at Felix Seifert no vurderer å flytte.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

Kommunen vil gjere mykje meir

I helga gjorde politiet og kommunen ein ekstra innsats der også vektarar frå kommunen deltok i arbeidet med å stoppe høglydte festar på Møllenberg.

– Det er framleis mykje festing i området og vi har behov for å gjere mykje meir enn det vi har gjort så langt, seier kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden.

Wolden fortel at mange allereie har flytta frå bydelen på grunn av festbråk, og at han kjenner til fleire som vurderer å flytte.

– Dette kan ikkje fortsette, seier Wolden.

22.09.2021: NRK har presisert at Krebreal Eiendom sender ut ei påminning om ordensreglane to gonger i året.