Normal

Trondheim er den mest attraktive byen i landet

Trondheim har vunne prisen " Attraktiv by" 2015. Juryen skryt av plasseringa av St. Olavs Hospital i bykjernen og kallar det berekraftig byutvikling.

Trondheim

Juryen skryt av plasseringa til St. Olavs Hospital.

Foto: Kommunal-og moderniseringsdepartementet / NRK

– Trondheim er ein verdig vinnar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Dei hadde skarp konkurranse frå Stavanger aust og Lillestrøm. Mellom anna meiner juryen at lokaliseringa av St. Olavs Hospital er eit førebilete for offentleg planlegging. Dei peikar på at plasseringa viser at eit sjukehus har moglegheit til å spele ei større rolle gjennom å bygge ein by, og ikkje berre vere ein institusjon.

Juryleiar Erling Dokk Holm seier at resultatet ved å plassere sjukehuset i bykjernen har gitt positive ringverknader for samfunnet rundt.

– Plasseringa av St. Olavs Hospital i bykjernen har ført til ein open og grøn bydel med sterke urbane kvalitetar, med attraktive møtestadar for innbyggjarane, brukarar og tilsette ved sjukehuset.

Samfunnsansvar

St.Olavs hospital

Her ser du eit bilete frå uteområde ved St. Olavs Hospital i Trondheim.

Foto: Kommunal-og moderniseringsdepartementet / NRK

Statelege institusjonar har gjennom uteområda og bygningar moglegheit til å ta på seg større samfunnsansvar, held han fram.

– Ikkje minst kan dette skje ved at dei investeringane som er knytt til institusjonen også gir ringverknader lokalt. Desse ringverknadene oppstår i mykje mindre grad når ein lokaliserer eit sjukehus til eit jorde enn når ein knar det inn i ein eksisterande bystruktur, seier Dokk Holm.

Det kom inn totalt 346 nominasjonar i konkurransen om å bli Noregs mest attraktive by i 2015. Prisen blir delt ut for første gong i år av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner 17. juni. Vinnaren får då 250.000 kroner, plakett og diplom.