Hopp til innhold

Stortingsnominasjonen i Ap: Få ønsker Giske tilbake i rikspolitikken

Lokallaga i Sør-Trøndelag Arbeidarparti har levert innspela sine til Stortingsnominasjonane.

En smilende Trond Giske løfter stemmeseddelen under årsmøtet til trondheim Ap. I bakgrunnen ser vi flere som løfetr hånden for å avgi sin stemme

FÅ SPELER INN GISKE: Berre ti av 42 lokallag i Sør-Trøndelag Arbeidarparti har spelt inn Trond Giske som representant til Stortinget.

Foto: Bjarte Johannsen / NRK

Berre ti av 42 lokallag i Sør-Trøndelag Ap har spelt inn Trond Giske som representant til Stortinget.

Av desse er halvparten lokallag i Trondheim Ap, der han sjølv er nestleiar.

Til samanlikning vil 22 av 42 lokallag ha Per Olav Skurdal Hopsø, statssekretær i Arbeidsdepartementet, på Stortinget. Karianne Tung, Digitaliserings- og forvaltningsminister, har 20 nominasjonar.

Alle kandidatane har fått utsett frist til 1. august med å svare nominasjonskomiteane om dei ønsker å stille.

NRK har fått innsyn i lokallaga sine første innspel til Stortingsnominasjonar i både Nord- og Sør-Trøndelag Arbeidarparti.

Les også Nye vedtekter i Trøndelag Ap sender Giske ut på stemmesanking

Trond Giske viser stemmetegn i forbindelse med en votering. Han sitter i en møtesal og det er flere delegater rundt ham som også viser stemmetegn

– Påfallande få har spelt inn Giske

Heilt sidan han kom tilbake til politikken har fleire spekulert i om Giske ønsker eit come-back på Stortinget.

– Det er jo påfallande få lokallag som har spelt inn Trond Giske sitt namn, med tanke på kor mykje merksemd han har fått i media. Mitt inntrykk er jo at mange har vore skråsikker på eit come-back.

Det seier politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.

– Trond Giske har ein del støttespelarar, men det er også ein del som er oppteken av å halde han unna. Nominasjonskampen vil nok bere preg av dette.

– Ein hadde kanskje trudd at fleire lokallag som ville spelt inn Trond Giske som har fått ord på seg for å vere grasrota sin mann.

NRK har kontakta Trond Giske som ikkje ønsker å kommentere nominasjonen i denne omgang.

Giske utelukka ikkje comeback på Stortinget då han blei vald til nestleiar i Trondheim Ap i februar i år.

Kjerkol vil ikkje kommentere om ho stiller

På nominasjonslista til lokallaga i Nord Trøndelag har Ingvild Kjerkol tre av 24 nominasjonar.

Både Kjerkol og Terje Sørvik, som er stortingsrepresentantar i dag, skal svare om dei stiller til attval innan 1 august.

I ein SMS til NRK skriv Kjerkol: «Jeg har ferie og er ikke tilgjengelig for media før til høsten».

Les også Les plagiat-vedtaket som felte Kjerkol

Ingvild Kjerkol bryter sammen

Fleire av lokallaga har sagt at dei ikkje vil foreslå namn før dei har svart på om dei vil stille eller ikkje innan svarfristen.

– Eg trur veldig mange er redd for å vise korta, før dei veit kven som stiller og kven som ønsker å ta attval, seier Aglen.

I nord er det 12 av 24 lokallag som ikkje har sendt inn forslag og i sør er det ni av 42 lokallag som ikkje har sendt inn.

– Mange sit og ventar på kvarandre, men det er lenge sidan eg har opplevd ei sånn sitte og vente-stemning som det no er i Trøndelag Arbeidarparti, legg Aglen til.

Ordførar i Nærøysund og nestleiar i Trøndelag Ap, Amund Hellesø, har fire nominasjonar.

Kandidaten med flest nominasjonar frå lokallaga i nord er Johannes Hembre-Ingul som er representant frå Levanger Arbeidarparti.

Les også Kjerkol ga fra seg nøklene: – Det føles veldig bra

Kjerkol overrekker nøkkel til Vestre.

Nominasjonsprosessen vidare

No har lokallaga levert inn sine første forslag som kommunepartia kan bruke til å lage si endelege nominasjonsliste. Og mykje kan skje fram til den endelege lista med representantar skal vere klar.

– Det er mykje kok i kulissane, men ingen vil vere først ute og seie «eg vil på Stortinget», forklarar Aglen.

I september har kommuneparti frist til å sende inn ei liste med 20 kandidatar til nominasjonskomiteen.

Deretter skal det endelege forslaget vere ferdig i oktober og vedtakast på nominasjonsmøtet 30. november.

Les også Giske vald som nestleiar i Trondheim Ap

En smilende Trond Giske strekker hals og kikker utover delegatene i årsmøtet til Trondheim Ap. Giske har akkurat blitt valgt til nestleder i lokallaget