Hopp til innhold

MC-førar sendt til sjukehus i luftambulanse etter å ha køyrt på fiskar

Ein mann vart laurdag ettermiddag påkøyrt av ein motorsykkel med to personar på E14 i Stjørdal.

MC-ulukke i Stjørdal 26/06/21. Politiet på ulukkesstaden.

PÅ ULUKKESSTADEN: Politiet på ulukkesstaden på E14 i Stjørdal der ein fiskar vart påkøyrt av ein MC-førar.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Like etter klokka 12.30 rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke på E14 like ved kommunegrensa mellom Stjørdal og Meråker.

Ein mann i 50-åra parkerte bilen og skulle krysse vegen for å gå ned til elva og fiske.

Då blei han påkøyrt av to personar på ein motorsykkel. Ein mann i 50-åra køyrde motorsykkelen, og ei kvinne sat på.

– Dei to personane på motorsykkelen hamna på motsett side av autovernet, ned mot elvekanten, seier operasjonsleiar Astrid Metlid i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Éin alvorleg skadd

Alle dei tre involverte blei skadd i ulukka.

– Det er MC-føraren som er mest kritisk skadd, fortel Metlid.

Sjåføren vart henta med luftambulanse. Han skal ha vore medviten, men foreløpig veit ein ikkje noko meir om tilstanden hans, opplyser politiet.

Redningsbil, politibil og brannbiler står langs en E14 mellom Stjørdal og Meråker, hvor MC-ulykken skjedde. En politimann går med ryggen til kamera, en annen uniformert person koster veien og en bilberger holder på å trille motorsykkelen på lasteplanet.

RYDDAR VEGEN: Her blir motorsykkelen trilla på lasteplanet til bergingsbilen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Den kvinnelege passasjeren er sendt til traumemottak.

Fiskaren reknast som lettare skadd. Han har fått beinbrot.

Vegen var stengt

Det var kaotisk på staden. Vegen var sperra, og det var lange køar.

Vegtrafikksentralen meldte på Twitter at E14 er stengt på ulukkesstaden ved kommunegrensa.

Vegen opna att like før kl. 14.30.

MC-ULUKKE: Ulukka skal ha skjedd på kommunegrensa mellom Stjørdal og Meråker i Trøndelag.