Hopp til innhold

Sturla (81) måtte reddast då båten sokk: – Huff, det er trist å ikkje ha båt 

Sturla Leth-Olsen var på fisketur då båten tok inn vatn og begynte å søkke.

Sturla sitter på bauen på båten som synker

FORLIS: Oppå den søkkande båten sat Sturla og venta på å bli redda.

Foto: REDNINGSHELIKOPTER ØRLAND

– Det er litt trist, eg har nesten kjærleikssorg.

Det seier Sturla Leth-Olsen som mista båten sin etter ein fisketur litt utanom det vanlege.

Då 81-åringen var ute for å dra opp ei kveiteline i Bjugnfjorden i Trøndelag begynte båten å ta inn vatn. For å ta opp lina sto bakenden av båten, hekken, mot vindretninga.

– Der er det ein opning som blei slått inn på grunn av sjøen som slo imot hekken, forklarar hobbyfiskaren.

Men sidan vatnet rann inn inne i motorrommet, så la ikkje Sturla merke til det.

– Men det vaska inn liter etter liter. Og til slutt så var det så mykje at motoren blei kvelt. Og fyrst då oppdaga eg kva som var i ferd med å skje.

Det gjekk berre eit minutt til motoren stoppa på grunn av alt vatnet.

– Då hadde eg ikkje noko val. Eg tok og ringde 113 med ein gong.

Sjå Sturla bli redda frå den søkkande båten.

– Om bord på ein båt som er i ferd med å forlise

Då Sturla forstod at båten var i ferd med å søkke handla han fort.

– Til 113 fortalde eg at eg var om bord på ein båt som er i ferd med å forlise i munningen av Bjugnfjorden. Og der finn dykk meg.

Eit redningshelikopter frå Ørlandet skulle kome for å hente Sturla. Men medan han venta sokk båten meir og meir.

– Men då hadde båten sokke så mykje at kjølen var i været, så eg sat oppå der og venta.

Etter ei stund, om lag 15 minutt, kom redningshelikopteret og plukka opp Sturla. Og til trass for at han var om bord på ein søkkande båt, kom han tørrskodd frå det.

– Eg trong ikkje hoppe i sjøen så lenge båten flaut, så sat eg no oppå der.

Redningsaksjon heilt etter boka

Sjølv har Sturla sett filmar og reportasjar av redningsaksjonar og beskriv det heile som rein rutine.

– Det der er rutine for redningsmannskapet og dei gjorde berre som dei skulle gjere. Alt gjekk greitt.

– Høgdeskrekk? Nei det har eg ikkje. Viss eg skulle ha dotte ned der, så landa eg jo mjukt. Det var jo utpå havet.

Men korleis gjekk det med kveita han skulle fiske?

Eg må få nokon andre til å dra opp kveitelina for no har eg ikkje båt lengre. Og det er litt trist, eg har nesten kjærleikssorg, seier Sturla.

– Huff, nei det er trist å ikkje ha båt.

Men 81-åringen let seg ikkje knekke av den grunn.

– Livet det går vidare. Eg har mange andre ting å halde på med, legg hobbyfiskaren til.

Avisa Fosnafolket opplyser at båten er berga og redda opp frå sjøen.