Hopp til innhold

34 skular og 20 barnehagar stenger

Det blir også store ringverknader etter den planlagde opptrappinga av streiken i morgon.

Berg skole

STENGER: Berg skole er ein av skulane som må stenge når streiken etter planen trappast opp onsdag.

Foto: mari Cathrine Wedø / NRK

Om lag 34 skular og 20 barnehagar i Trondheim vil stenge i morgon når 2800 nye kommunetilsette etter planen blir teke ut i streik.

– Barneforeldre vil slite

Om lag 500 nye tilsette blir teke ut i streik i Nord-Trøndelag, også der vil det gå ut over skular, barnehagar og SFO.

– Opptrappinga vil gå mest ut over barneforeldre, seier Sigrid Fritzvold i kommunens beredskapsteam i Trondheim.

Store ringverknader

Fritzvold fortel at enda fleire barnehagar kan stenge som følge av ringverknadene av streiken.

– Streikande reinhaldarar i kommunen kan til dømes gjere at barnehagar må stenge fordi dei blir for skitne. Barnehagar som har nok bemanning kan dermed likevel måtte stenge, seier Fritzvold.

Ho peikar også på at stengte barnehagar og skular går ut over ikkje-streikande kommunetilsette som har barn, og at dei kan måtte ta fri for å passe borna.