Hopp til innhold

Etterforskinga av «lefse-bjørnen» bortlagt

Naturoppsynet mistenkte at nokon hadde lokka bjørnen med store mengder lefse. Vi veit altfor lite til å starte etterforsking, opplyser politiet.

Bjørn skutt i Snåsa

smørAKTIG MASSE: Innhaldet i magesekken til bjørnen vart kasta før saka blei meld. Det kan derfor ikkje takast nye prøver for å fastslå om bjørnen hadde ete lefse eller ikkje.

Foto: Marius Småli Melting

Ein stor bjørn vart 2. september skote i Snåsa. Den vart nokre dagar seinare undersøkt. Overraskinga var stor då dei såg innhaldet i magen til bjørnen.

Der fann dei nemleg 4,5 kilo masse som likna på smørgraut eller lefse.

Det gjorde at Statens naturoppsyn (SNO) fekk mistanke om at nokon hadde lagt ut store mengder søtsaker for å lokke bjørnen til eit område der det var lov å skyte han. Dermed melde dei saka til politiet.

Skadefellingsleder i Snåsa kommune Kåre Johannes Selliås ved siden av hannbjørnen som ble skutt fredag. Bjørnen, som ligger på et lasteplan, veide 157 kilo.

GLAD FOR BORTLEGGINGA: Leiar av jaktlaget som felte bjørnen, Kåre Johannes Selliås, seier dette er noko som har hange over dei og er fornøgd med at saka no er lagd bort.

Foto: Randi Wilsgård / NRK

Mageinnhaldet er kasta

Torsdag vart det klart at politiet legg vekk meldinga fordi grunnlaget for å starte vidare etterforsking er altfor tynt.

– Vi har ingen haldepunkt for at denne bjørnen har ete lefse. Vi har heller ingen informasjon om kvar det her i så fall skal ha skjedd eller kven då som kan ha gitt den lefsa eller liknande mat, seier politiadvokat Amund Sand ved politiet i Trøndelag.

Norsk institutt for naturforvaltning, som har undersøkt den smøraktige massen i magen til bjørnen, kan heller ikkje konkludere med at det var lefse.

Då politiet fekk saka på bordet var mageinnhaldet kasta. Dermed kan dei heller ikkje ta nye prøver for å fastslå om det var lefse eller andre søtsaker bjørnen hadde ete.

Jakta på bjørnen hadde gått føre seg i fleire veker då han vart skoten. Det var funnen fleire døde sauer i området og det var derfor gitt fellingsløyve på to bjørnar. Det er derimot ikkje lov å bruke åte for å lokke til seg bjørn i samband med jakt.

En sau står på en grønn eng og ser inn i kamera.

Det vart ikkje funne spor av nokon byttedyr i magen på bjørnen. Det er dermed uklart om det var denne bjørnen som hadde rive sau i området.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr/NRK

Glad for bortlegging

Politiet mistenkjer ikkje dei som felte bjørnen for å stå bak, men har prata med leiaren av skadefellingslaget Kåre Johannes Selliås. Han seier dei verken har lagt ut noka åte eller kjenner til at nokon har gjort det.

– Det er greitt å høyre at saka no er lagd bort. Dette er jo noko som har hange over oss, seier Selliås til NRK.

På folkemunne har det vorte ei historie mange har hatt det morosamt med. Men for dei som skaut bjørnen har det ikkje vore så artig med stadige kommentarar.

– No håpar vi at ein blir heilt ferdig med denne saka, seier Selliås.

Veronica Sahlen, seksjonsleder i SNO.

SNO vurderer no om dei skal klage på bortlegginga, seier seksjonsleiar Veronica Sahlen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Vurderer å klage

Men ved Statens naturoppsyn (SNO) vurderer dei no om dei skal klage på bortlegginga. Dei er likevel ikkje overraska over at politiet har konkludert som dei har gjort.

– Det er ei sak med ukjend gjerningsperson, så at det ikkje er ei enkel sak å komme i mål med er vi klar over, seier seksjonsleiar Veronica Sahlén.

Ho har nettopp fått beskjed om bortlegginga og vil sjå nærare på grunngivinga før dei bestemmer seg for om dei skal klage.

Ifølgje Sahlén er det første gongen dei melder eit brot på dette lovverket.

Les også Politimelder funn av 4,5 kilo lefse i magen på bjørn

Bjørn skutt i Snåsa