Hopp til innhold

Skjølås ny UKA-sjef

Lise Alund Skjølås skal leie Noregs største kulturfestival som vil gå av stabelen i oktober 2007.

Lise Alund Skjølås, UKAsjef-07
Foto: Kristin Agerlie / NRK

Valresultatet blei klart rundt klokka 2300 onsdag kveld.

23 år gamle Skjølås er får Toten og studerer nordisk ved NTNU.

- Skjølås er unik som UKEsjef på fleire måtar. For det første er ho den første med humanistisk eller samfunnsvitenskapleg bakgrunn til å kle sjefstillinga som tradisjonelt har vore mannlege sivilingeniørstudentars domene. For det andre er det svært sjeldan at ei jente blir UKEsjef. Dei to siste gongane det skjedde var under UKA-93 og UKA-89, skriv UKA-styret i ei pressemelding.

UKA blir arrangert annankvart år av 1 400 frivillige studentar i Trondheim.

UKA-05 selte 80 000 billettar og hadde ein omsetnad på 25 millionar kroner.