Hopp til innhold

Skiløparar vart tekne av snøskred: – Flaks i ein potensielt dødeleg situasjon

Seks skiløparar utløyste eit snøskred på Omnfjellet i Orkland. Tre vart tekne av skredet, men dei er no redda ut i god behald.

SNØSKRED: Turfølget på seks personar utløyste eit snøskred, og dei klarte sjølv å redde kvarandre opp frå snømassane.

– Dei har hatt flaks. Dette er ein potensielt dødeleg situasjon, seier operasjonsleiar Trond Volden i Trøndelag politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga kl. 14.

– Det var eit turfølge på seks personar. Tre av dei var tekne av skredet, medan dei andre tre sto igjen på toppen av fjellsida, opplyser Volden.

Følgde skredet med blikket – redda ut kameraten

Desse personane klarte å følge med på vennane som vart tekne av skredet, og visste derfor om lag kor dei skulle begynne å grave.

– Dei gjorde alt riktig ved å følge med på kor dei forsvann, seier politiet.

Laster Twitter-innhold

Den eine av dei tre skal ha blitt gravd ned av snømassane. Dei andre skiløparane iverksette umiddelbart kameratredning.

– Personen som var begravd vart funnen om lag ein halv meter under snøen, opplyser Volden.

Alle tre vart redda ut av resten av turfølget, og er no i god behald. Ingen har blitt skadde. Dei fekk ikkje bistand frå hjelpemannskap, men varsla politiet om hendinga sjølv.

Åtvarar mot skredfare i fjellet

Hovudredningssentralen har varsla politiet om høg snøskredfare.

Politiet åtvarar mot skredfare i fjellet, og ber alle som ferdast i slike område om å vere ekstra på vakt. Dette gjeld også andre stadar i Trøndelag.

Flaks kombinert med dyktigheit og erfaring, gjorde at det gjekk bra denne gongen, avsluttar Volden.