Hopp til innhold

Kinastudent Signe (23) må studere om natta

Signe Johansen må snu døgnet for å få med seg undervisninga i Kina til rett tid. – Ikkje ideelt, men ein kan tilpasse seg viss ein må, seier søvnekspert.

Signe Johansen (23) er på Espresso House i Trondheim og følger digital undervisning i Kina

KORONAFAST: Signe Johansen (23) har enno ikkje fått reise tilbake til Kina, der ho studerer reiseliv. Ho følgjer undervisninga digitalt frå Trondheim.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Trønderen studerer reiseliv ved universitetet i Chengdu i Kina. Men koronaviruset sette ein stoppar for opphaldet hennar.

Ho set seg ned på ein kafé i Nordre Gate i Trondheim og finn fram notatblokk, nettbrett og pennal. Det er mørkt ute, men Signe er snart klar for undervisning.

– Eg har ikkje noko klasserom eller lesesal eg kan gå til, så då er «Espresso House» ganske praktisk.

Frukost klokka to om natta

23-åringen kjem frå Vikna i Nærøysund, men bur no i Trondheim saman med søstera si.

Dei ser ikkje kvarandre så ofte, sidan Signe lever etter Kina si tidssone.

No har eg blitt vant til det. I starten var det litt rart, fortel ho.

Det blir ikkje så mykje sosialt liv for trønderen, som legg seg kl. 18.

– Det er litt kjedeleg og unaturleg, seier ho.

Kina er sju timar framfor Noreg. Den tidlegaste førelesinga hennar startar klokka 02.30 norsk tid.

– Då et eg frukost kl. 02, fortel ho og ler.

– Som å påføre seg sjølv litt «jetlag»

NRK har spurt ein søvnekspert om kor godt vi taklar å snu døgnet.

– Det er mange som snur døgnet i forbindelse med nattarbeid. Men det er ikkje ideelt. Vi er skapt for å sove når det er mørkt, og vere vaken når det er lyst.

Det seier Bjørn Bjorvatn, professor ved Universitetet i Bergen og leiar ved nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar.

Bjørn Bjorvatn, professor ved Universitetet i Bergen om søvnvansker.

SØVNSPESIALIST: Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen seier at det kan ta ei veke for Signe å finne tilbake til den normale døgnrytmen.

Foto: Universitetet i Bergen

– Ein kan tilpasse seg ein anna døgnrytme viss ein må. Ein mistar litt av det sosiale livet, men sånn er det.

Når på døgnet presterer ein best?

– Det er litt avhengig om ein er A-menneske eller B-menneske. B-menneske kan jo fungere bra om natta.

Signe seier at ho er A-menneske, men ho har likevel klart å tilpasse seg den nye døgnrytmen.

Bjorvatn fortel at ein brukar ein time per dag på å snu døgnet tilbake. Med ein tidsforskjell på sju timar, tar det kanskje sju dagar å komme tilbake til vanleg døgnrytme.

– Ho prøver å fungere på kinesisk tid. Det blir som å påføre seg sjølv litt «jetlag».

Stengt grense

Kinesiske studentar får reise til Noreg, men Kina har framleis stengt grense for norske studentar.

Til saman er det nær ein halv million internasjonale studentar i Kina. Landet skal etter planen arrangere vinter-OL i 2022, men det er framleis uvisst om studentane får lov til å returnere på dette tidspunktet.

Ifølge Wall Street Journal vil grensene vere stengde fram til andre halvdel av 2022.

Ifølge ANSA, samskipnaden for norske studentar i utlandet, ekskluderer også Sør-Korea og Japan internasjonale studentar.

Signe mistar ikkje motet sjølv om ho må studere om natta.

– Det einaste eg kan gjere er å fortsette å studere, og gjere det eg har fått beskjed om heile vegen. Eg må berre vere tolmodig og vente til grensene opnar.

Har sendt brev til norske myndigheiter

I august sende ho eit brev til Kunnskapsdepartementet, Utanriksdepartementet og statsministeren om konsekvensane av å vere utestengt frå studiestaden i utlandet.

Der peikar ho mellom anna på tidsforskjellen, dårlegare mental helse som følge av mykje skjermbruk, og at ho har mista moglegheita til å delta i gruppearbeid.

Ho oppdaga tre andre nordmenn som studerer i Kina, og var i same situasjon som henne.

– Situasjonen vår er miserabel, og nærast uuthaldeleg, skriv ho i brevet til myndigheitene.

ANSA: – Ikkje ein ideell situasjon

– Det er utruleg kjipt for dei studentane som har hamna i ein situasjon der ein ikkje får reist ut, slik at ein må følge undervisninga på nett. Spesielt når det er store tidsforskjellar.

Sebastian Hytten, leder i ANSA

ANSA: Sebastian Hytten, president i studentorganisasjonen ANSA.

Foto: Privat

Det seier Sebastian Hytten, president i ANSA.

– Det er eit mindretal av norske utanlandsstudentar dette gjeld, men det er langt ifrå ein ideell situasjon, seier han.

Akkurat no er det rundt 12.000 nordmenn som studerer i utlandet. I eit normalt år er det over dobbelt så mange heile 25.000 utanlandsstudentar.

Forelska seg i Kina

23-åringen frå Trøndelag besøkte Kina for første gong då ho var der på klassetur med folkehøgskulen.

– Eg hadde ikkje nokre spesielle forventningar, men eg vart skikkeleg forelska i plassen. Eg tenkte at eg ville reise tilbake snart.

Ho fekk først jobb gjennom eit au pair-firma i 2018, men etter eit språkkurs fann ho raskt ut at ho heller ville studere.

Målet var å beherske språket så godt at ho kunne ta bachelorgraden på kinesisk, men ho innsåg at det vart vanskeleg å klare frå Noreg. Derfor bytta ho til engelsk.

– Eg måtte justere ned draumane og forventningane mine. Eg er veldig motivert for å komme meg tilbake til Kina igjen. For meg er det Chengdu som er heime, avsluttar ho.

Cultural Festival Chengdu, Kina, 2019

KULTURFESTIVAL I KINA: Signe Johansen er nummer to frå venstre i biletet. Under denne festivalen i 2019 fekk trønderen vere med å framføre ei danseframsyning.

Foto: Privat