Hopp til innhold

SAS krigar mot Norwegian-avtale i retten

Det offentlege Trøndelag har hamna i retten med SAS som motpart, etter at dei valde Norwegian som flypartnar i fire år framover.

NORWEGIAN-SAS på Gardermoen

Tre SAS-fly og eit Norwegianfly parkert på Gardermoen. No kan det bli fleire Norwegian og færre SAS på mjølkeruta Værnes-Oslo.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

SAS har drege det offentlege Trøndelag for retten etter at ein så å seie samla landsdel har vald Norwegian som flypartnar, skriv Adresseavisen.

Ei stor samanslutning av NTNU, den nye fylkeskommunen, 25 primærkommunar, og ei rad andre offentlege verksemder og etatar er med.

Mellom anna gjeld avtala Domstoladministrasjonen i Trondheim, Enova og SIVA, Miljødirektoratet, NTE, Statsskog, og til og med Nord Universitet i Nord-Trøndelag og Nordland. For dei og nokre andre etatar, har NTNU forhandla felles flyprisar på dei mest nytta rutene i Noreg, for å få ein billegast muleg bulkpris.

Tilsaman er kontrakten på 320 millionar flybillett-kroner.

Den prisen fekk samanslutninga hos SAS sin hovudkonkurrent, Bjørn Kjos sitt Norvegian. SAS var monaleg dyrare.

Epler mot pærer, meiner SAS

Men tilboda var ikkje samanliknbare, dei prisane dei to selskapa opplyste om kunne ikkje direkte samanliknast, meiner SAS, som dermed drog den store gruppa av det offentlege Trøndelag for retten, der dei møttest i rettssal 412 i Tingretten fredag.

Glade var heller ikkje SAS for at NTNU som har stått for å forhandle for den store gruppa flygande passasjerar, hadde kontakta Norwegian etter at SAS hadde klaga på beslutninga om at dei hadde blitt taparar denne gongen, kom det fram i retten.

No gjenstår det å sjå kva flyselskap dommarane i Trondheim Tingretten vel.

Norwegian

Og kanskje blir det slik på Gardermoen dei neste fire åra, når trønderane kjem.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix