Hopp til innhold

Menneske i sentrum

For Robert Eriksson, Framstegspartiets listetopp i Nord-Trøndelag, er det viktig at enkeltindividet blir sett i sentrum.

Robert Eriksson
Foto: Fremskrittspartiet

For han var det fleire saker som var avgjerande for partivalet.

– At Framstegspartiet vil sette enkeltindividet i sentrum, at dei sjuke og pleietrengande skal få hurtigare og betre hjelp og ikkje minst at partiet ønskjer å la folk behalde meir av den opptente inntekta si gjennom å redusere skattar og avgifter, seier Robert Eriksson til NRK Trøndelag.

Kjempar for dei eldre

Robert Eriksson meiner dei eldre skal få ein varm, verdig og valfri eldreomsorg og eit betre helsevern.

Dei neste åra ønskjer han å kjempe for nettopp dette, samt at infrastrukturen skal bli betre og at Trøndelag skal få sin rettmessige del av løyvingar frå staten.

– Eg vil også ha fokus på sosialpolitikk og reduksjon av skattar og avgifter, legg han til.

Oppriktig samarbeid

For partitoppen i Framstegspartiet er det viktig at dei politiske samarbeidspartnarane ønskjer eit oppriktig og gjensidig samarbeid.

– Eg samarbeider helst med Høgre på Stortinget og eg vil ikkje samarbeide med nokon sosialistiske parti, seier Eriksson.

Nok for bilistane

Robert Eriksson er motstandar av å mjelke endå meir ut av bilistane. Han har stemt imot ei bompengefinansiering av vegutbygginga i Trøndelag i Stortinget denne perioden og vil gjere det same neste periode.

Meir eller mindre rovdyr i Trøndelag? Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

Vi trenger mindre rovdyr i Trøndelag. Spesielt ille har det blitt for dei rovdyrutsette områda i Namdalen.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eg er positiv til kommunesamanslåing, seier Eriksson.

Send epost til Robert Eriksson
Besøk Robert Erikssons blogg
Møt Robert Eriksson på Facebook