Hopp til innhold

Rektor må fikse toalettpapir

Med reinhaldarar og vaktmeistrar i streik må rektoren sjølv trø til ved Steinkjer videregående skole.

Video SKOLER-STENGER-030610-NT-124510-SI_TL.mp4

Rektoren ser seg nøydd til å stenge skulen på grunn av at reinhaldet ikkje er godt nok.

– Det er berre ein time sidan eg rydda her og no ser det ikkje så veldig bra ut, seier rektor ved Steinkjer videregående skole, Vegard Iversen, og viser oss rundt på toaletta på skulen.

Mykje søppel

Søppelet hoper seg fort opp når reinhaldsarbeidarane er tatt ut i streik.

Leiinga ved skulen må difor sjølv ta i eit tak for å halde dei største hybelkaninene borte. Og det er lett å oversjå nokon av oppgåvene.

– Rektor og assisterande rektor må hjelpe til litt, så vi rydder, skifter toalettpapir på toaletta og det hender at vi også må gjere noko reint, seier Iversen til NRK.no.

Men sjølv om rektoren brukar mesteparten av dagen på å rydde, blir det ikkje reint nok. Frå og med i morgon må skulen stenge for vanleg undervising.

(Artikkelen held fram under bildet)

Rektor Vegard Iversen ved Steinkjer videregående skole

Rektor vasker og ryddar fleire gonger om dagen.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Fare for smitte

Også fleire andre stader fører streiken til at fleire vidaregåande skular må lukke dørene.

Med reinhaldarar, vaktmeistrar og anna personell tatt ut i streik blir skulane tvinga til å ta sommarferie tidlegare enn planlagt.

– Det går på helse, miljø og tryggleiken. Det er viktig med god hygiene med tanke på smitte, så det er ikkje forsvarleg å ikkje ha ein rein skule, seier rektoren.

Godt med fri

Ved Steinkjer videregående skole hadde elevane i dag vårsemesterets foreløpige siste tysktime.

Streik er godt nytt for nokon av elevane.

– Streiken kan berre vare, så lenge eg får fri. I morgon skal eg sove lenge, seier elev Johanne Dalemark.

– Det er sjølvsagt godt å få fri, men det går utover innspurten i avgangsfaga, seier Pål Stiklestad.

Men heilt fri blir det ikkje, for eksamen blir det uansett.

– Vi prøver å gjennomføre eksamen, og det trur eg vi skal få til, avsluttar rektor Vegard Iversen.