Hopp til innhold
Quiz

Dette visste du ikkje om finalistane i «Norges tøffeste»

Dei er tøffe som få, men kven av dei har framleis med seg bamsen sin i senga?

Finaleuka Norges tøffeste. Bildet viser de tre siste som står igjen sammen med programleder Jørgine.

Sondre Lernes, Hanna Martinsson eller Eline de Leeuw? Ein av dei blir kåra til Norges tøffeste denne helga.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Dei har hoppa frå høgder, bada i både gørr og mjølkesyre, og hatt gnagsår frå helvete. Pluss ein heil del anna du aldri ville trudd nokon gjorde frivillig.

Før den siste helga står det tre deltakarar igjen.

Hanna Martinsson, Eline de Leeuw og Sondre Lernes skal konkurrere om tittelen Norges tøffeste.

Men – her skal du få ei oppgåve å bryne deg på sjølv. Kanskje er det ikkje like tøft, men klarer du å gjette rett deltakar i denne kvissen?

1/9 Dancing Queen....eller King?

Billy Elliot
Foto: John Andresen

Kven har vore med i Folketeateret sin oppsetnad av «Billy Elliot»?

2/9 Jeger

En elgokse ble felt i karasjok under elgjakten 2019 av Lemet Johanas Nystad
Foto: Lemet Johanas Nystad

Kven har skote ein elg?

3/9 Trygg med bamse

teddybjørn
Foto: Snl.no

Kven har framleis med seg kosedyret sitt i senga?

4/9 Dyreelskar

Dr. Evils katt fra Austin Powersfilmen
Foto: Warner Bros.

Kven har ein nakenkatt?

5/9 Beinskjør, eller?

Hva er det man sier for å ønske lykke til? Brake a nose?
Foto: Sjekk

Kven har brekt nasen heile seks gonger?

6/9 Arigato gozimasu

Sumobryter ligger på magen med beina rett ut til sida.
Foto: Creative commons

Kven er noregsmeister i Sumo?

7/9 Punkar

Nærbilde av rosa hanekam punkefrisyre
Foto: Wikipedia commons

Kven var punkar med rosa hår og leppepiercing på ungdomsskulen?

8/9 Fjernsynskjøkkenet

Ingrid Espelid Hovig
Foto: Fra Fjernsynskjøkkenet / NRK

Kven fekk 6 i mat og helsefag på skulen?

9/9 Crush

Ronny Brede Aase fra NRK smiler og ser inn i kamera.
Foto: Daniel Rørvik Davidsen / NRK

Kven av finalistane har evigvarande crush på Ronny Brede Aase?

Har du ikkje fått med deg siste episode? Det bør du: