Hopp til innhold

Godtek kjempebot etter arbeidsulykke

Winsnes Maskin & Transport som driv Furukollen pukkverk i Midtre Gauldal, har vedteke ei bot på 600 000 kroner, etter at ein innleigd arbeidar døydde der for vel eit år sidan.

Furukollen pukkverk, Støren

Her skjedde dødsulykka 26. september i fjor. Nå må firmaet betale kjempebot til statskassa.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Forelegget er vedteke, opplyser Trøndelag statsadvokatembete til Trønderbladet.

- Vi ønsker ikkje å uttale oss, seier dagleg leiar Lisbet Øyås i Winsnes Maskin & Transport til avisa.

31-åring arbeidde åleine på staden

Ulykka skjedd 26. september i fjor, og han som døydde arbeidde åleine i anlegget den dagen han mista livet.

Mannen vart trekt inn i maskina da han av ukjent årsak kom i kontakt med det usikra transportbandet, konkluderte statsadvokaten i etterforskinga av dødsfallet.

Dødsulykke pukkverk Midtre Gauldal

Politi på staden i Midtre Gauldal i september 2016.

Foto: Morten Andersen / NRK

31-åringen frå Fannrem var leigd inn av Winsnes Maskin & Transport. I etterforskinga vart det avdekt at eit deksel ikke var på plass fordi sorteringsmaskina da kunne gå tett og stogge.

Hadde tatt av deksel som skulle verne

Eigentleg skulle dette dekselet ikkje fjernast anna enn når maskina skulle overhalast og vølast.

Produsenten av sorteringsverket, Sandvik Norge AS, opplyste til NRK i fjor haust at vernegitteret er standard frå fabrikken og at det kjem tydeleg frem i brukarmanualen at det skal vere på under drift.

Prioriterte lønsemd framfor ein sikker arbeidsstad

Firmaet kunne ha forhindra ulykka ved å bruke ei påkrevd verneinnretning, skreiv Arbeidstilsynet i eit brev til politiet under etterforskinga av saka.

Arbeidstilsynet konkluderte med at maskinfirmaet hadde prioritert lønsemd framfor tryggleiken til dei som arbeidde i anlegget.

Furukollen pukkverk, Støren

Pukk-knusar i Furukollen Pukkverk.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK