Hopp til innhold

Positive signal for Ørlandet

Senterpartiets Johan J. Jakobsen er svært optimistisk på Ørland hovedflystasjons vegne.

Utvalgsleder Siri Bjerke ( til høyre) har overrakt innstillingen fra Forsvarspolitisk utvalg til for
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Som medlem av det forsvarspolitiske utvalet var han i dag med då innstillinga frå utvalet blei presentert for forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Jakobsen trur ikkje forsvarssjefen får Stortinget med på å avvikle hovedflystasjonen på Ørlandet, spesielt med tanke på den nære kontakten til NATO.

- Veldig mykje av det som har komme fram så langt, bør styrke Ørlandet som hovudbase for kampflyverksemda vi skal ha her i landet. Om det blir snakk om å berre ha ein hovudflybase, er det etter mi meining berre Ørlandet som kan bli det, seier Jakobsen til NRK Trøndelag.

1 milliard meir til Forsvaret

Forsvarspolitisk utval går inn for eit økonomisk løft på minst 1 milliard kroner for Forsvaret. Onsdag fekk forsvarsministeren innstillinga frå Forsvarspolitisk utvalg.

Utvalet meiner Forsvaret må få auka forutsigbarheit i forsvarsbudsjetta. Dei syns også det er viktig at Forsvarets kjøpekraft blir oppretthalde.

– Vi har arbeidd i 14 månedar med denne innstillinga, og det er semje om dei store trekka, seier utvalsleiar Siri Bjerke.

Meir effektivisering

Utvalet er opptatt av at effektiviseringa av Forsvaret må vidareførast, og foreslår ei styrking av Hæren fordi den ber mykje av tyngda ved Noregs deltaking i internasjonale operasjonar. 

Utvalet støttar forsvarssjefens tilråding om at Forsvaret kvittar seg med MTB-ane.

Forsvarsministeren var forsiktig i sine første kommentarar til innstillinga, men uttalte at ho ser behovet for å styrke Hæren ytterlegare.

(©NRK/NTB)