Hopp til innhold

Planlegg nytt storslakteri

Kjøttprodusenten SPIS tek opp konkurransen med Gilde og vil byggje eit nytt, stort, privat slakteri i Trøndelag.

Illustrasjonsbilde: Gris på slakteri
Foto: Lise Åserud / Scanpix

Kvar slakteriet skal liggje blir ikkje klart før til sommaren, men etter planen skal det vere i drift frå neste år.

- Vi ønskjer å tryggje råvareforsyninga. I dag kjøper vi mykje råvarer frå Trøndelag, og vi ønskjer styring på råvarene frå bås til bord, seier styreformann i SPIS, Jan Malme, til NRK Trøndelag.

SPIS inviterer alle aktørane i bransjen i Trøndelag til å vere med. Dei avviser at planane har skote fart i samband med e.coli avsløringane i Gilde.

- Dette er ein del av ein langsiktig stratgi for å møte utfordringar frå utlandet, seier Malme.

Slakteriet skal ha ei linje for storfe og ei for gris.