Hopp til innhold

Aktor om Lademoendrapet: – Det er grusame gjerningar

Retten må døme tiltalte til tvungen behandling på institusjon for å verne han mot samfunnet. Det meiner aktor, statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Bilde frå politiet etter drapet på Lademoen.

ÅSTAD: Den døde vart funnen i denne sofaen i leilegheta til tiltalte.

Foto: Politiet

– Det er grusame gjerningar, sa aktor om det som skjedde i ei kommunal leilegheit på Lademoen i mai i fjor.

Trøndelag tingrett avsluttar i dag forhandlingane etter drapet. Tiltalte er tvangsinnlagd på psykiatrisk institusjon og følgjer rettssaka på videooverføring. Saman med han er forsvarer Kolbjørn Lium og fleire pleiarar.

Mishandla grovt etter døden

Stig Ola Westgård (56) blødde i hel etter mange knivstikk. Deretter vart store deler av kroppen grovt mishandla. Tiltalte er og var psykotisk og har ei lang historie med fleire innleggingar i psykiatrien.

For mange år sidan fekk han diagnosen paranoid schizofreni. Han er også avhengig av alkohol. Det gjer det vanskeleg å stole på at han tek medisinen frivillig når han ikkje er tvangsinnlagd. Det har sakkunnige og lege vitna om denne veka.

Les også Var tvangsinnlagd mange gonger: Tiltalte sa han hadde drepe Putin

Bilete frå politiet etter drapet på Lademoen.

Tiltalte har forklart at han vakna i stova si på morgonen 15. mai. På sofaen ved sidan av han låg Westgård død under eit pledd. Tiltalte nektar straffskuld for både drap og for å ha mishandla eit lik.

Statsadvokat og aktor Eli Reberg Nessimo

Aktor Eli Reberg Nessimo la ned påstand om tiltalte skal dømast til overføring på tvungent vern.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Det er grusame gjerningar som det er vanskeleg å tilskrive ein normal person, sa aktor i Trøndelag tingrett fredag.

Sakkunnige har sagt at tiltalte mistolkar sjølv enkle ting og at han påstår å vere truga på livet. Tiltalte sa det var Putin han hadde drepe, då han vart pågripen i leilegheita.

– Det er mange bisarre vrangførestillingar, samanfatta aktor Nessimo.

Statsadvokaten viste også til at tiltalte ofte ikkje tok medisin mot psykosen då han ikkje var innlagd.

Ingen andre enn avdøde og tiltalte i leilegheita då drapet skjedde

Westgård ringde AMK klokka 0153 15. mai og sa han hadde vorte knivstukken i magen. Opptaket frå AMK er på 27 minutt. Stemma til avdøde høyrest berre det første knappe minuttet. Deretter byrjar ein anna mann å snakke.

– Sett i lys av bevisbiletet er det ikkje tvilsamt at dette er tiltalte, sa aktor i prosedyren. Ingenting av bevisa tyder på at andre har vore til stades i leilegheita på dette tidspunktet, sa aktor i prosedyren fredag.

Politipatruljar drog ut og leita etter Westgård, men fann han ikkje.

Tiltalte meinte nokon skulle «ta han». Men det var ingen teikn til at avdøde og tiltalte var i noko konflikt, meiner aktor.

Heidi Synnøve Olsen Westgård

Heidi Synnøve Olsen Westgård følgjer rettssaka om drapet på broren sin.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Mannen i slutten av 50-åra er også tiltalt for å ha angripe ein sjukepleiar to månader før drapet. Det skjedde då han var akuttinnlagd på tvang ved St. Olavs hospital på Østmarka i Trondheim.

Sjukepleiaren trudde ho skulle døy, sa ho i retten. Ho har knapt vore i arbeid sidan hendinga og vil ikkje jobbe meir i psykiatrien.

Les også Tok kvelartak på sjukepleiar: – No døyr eg

Akuttbygget Østmarka

Dom på psykisk helsevern av omsyn til samfunnsvernet

Retten må vurdere om tiltalte framleis skal vere tvangsinnlagd på vedtak som sjukehuset gjer, eller om han skal dømast til psykisk helsevern.

Terskelen er høg for såkalla «særreaksjon» som ein dom i retten er. Statsadvokaten meiner det ikkje er nok at sjukehuset avgjer kor lenge tiltalte skal vere tvangsinnlagd og under behandling.

Det brutale drapet på Westgård, angrepet på ein sjukepleiar og sjukehistoria til tiltalte tilseier at samfunnet må vernast mot tiltalte, meiner aktor.

Behandlinga av tiltalte har svikta, meiner forsvarer

– Ei alvorleg sak, som truleg kunne ha vore unngått, sa forsvarer Kolbjørn Lium i prosedyren sin.

Under rettssaka har det kome fram at tiltalte ofte ikkje tok den nødvendige medisinen mot psykose då han var utskriven frå Østmarka.

Kolbjørn Lium, advokat

Behandlinga av tiltalte svikta, meiner forsvarer Kolbjørn Lium. (biletet er tatt ved eit anna høve)

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Medisinen vart levert på døra hans morgon og kveld. Helsepersonalet loggførte om han tok den eller ikkje. Men rutinane for å registrere avvik var ikkje gode nok.

– Ein kan ikkje overlate til ein person utan sjukdomsinnsikt å bestemme om han vil ta medisinen eller ikkje, sa Lium.

Han meiner helsevesenet har svikta i behandlinga av tiltalte også når det gjeld å skaffe han trygge rammer.

Tiltalte vart flytta frå eit husvære til eit anna i løpet av kort tid i fjor vår.

Den kommunale leilegheita der drapet skjedde ligg i et belasta område på Lademoen, påpeika Lium.

Graden av psykose har variert over år. Tiltalte er heller ikkje tidlegare straffa for vald.

Lium meiner tiltalte skal frifinnast fordi han ikkje er tilrekneleg, og at han må få behandling framleis.

Bistandsadvokat Sigrun Dybvad representerer sonen til avdøde:

– Han har site i retten for å få vete kva som har skjedd. Han har ikkje ønska å dele kjenslene sine offentleg. Men eg tenkjer faktum taler for seg korleis dette må vere for han, seier Dybvad.

Ho er samd med forsvararen i kritikken av psykiatrien:

– Det har vore massiv svikt i helsetilbodet til tiltalte. Det enda med at min klient fekk eit uerstatteleg tap. Han mista faren sin, seier Dybvad.

Dom i saka kjem 14. september.