Hopp til innhold

Overraskande funn i Odin-saka gjorde at politiet trappa opp etterforskinga

Politiet har funne gjenstandar som dei trur tilhøyrer sakna Odin André Hagen Jacobsen (18), 15 kilometer frå der han sist blei observert.

Odin André Hagen Jacobsen savnet

SAKNA I EITT ÅR: Odin André Hagen Jacobsen frå Skaun forsvann på ein bytur i Trondheim for eit år sidan. Foreldra melde han sakna dagen etter.

Foto: Privat

18-åringen frå Skaun forsvann på ein bytur i Trondheim for eit år sidan. I februar var det snakk om å avslutte etterforskinga, men så tok saka ei brå vending.

14. april kontakta ein person politiet og fortalde at han hadde funne restar av noko i eit bål inne i skogen ved Jonsvatnet i Trondheim. Vatnet ligg søraust for Trondheim, halvanna mil frå Odin sist vart observert.

– Kva gjenstandar som er funne går eg ikkje inn på. Etterforskinga har sannsynleggjort at det er Odin sine ting, seier politiadvokat Hans Vang ved Trøndelag politidistrikt til NRK.

Videokamerabilder fra Brattøra i Trondheim.

Videokamerabilder frå Brattøra i Trondheim.

Trappa opp etterforskinga

Sidan seinsommaren har NRK visst at politiet har etterforska dette som eit nytt spor i saka.

Like etter påske søkte politiet med hund og undervassdrone i området. Då gjorde dei funn av fleire gjenstandar som truleg tilhøyrer Odin. Folk som hadde vore på tur der vart kalla inn til avhøyr med beskjed om å ikkje fortelje om det til andre.

– Vi trappa opp etterforskinga. Over 100 personar har vore inne til avhøyr om sporet på Jonsvatnet, men det er ingen sikta i saka. Vi vil heller ikkje kommentere om det er nokon mistenkte , seier Vang.

NRK har også vore i kontakt med personar som har vore avhøyrd av politiet. Dei fortel at dei har blitt vist bilete av funna og blitt spurt kvar dei var då Odin forsvann.

– Om det er nokon som har funne gjenstandar på Piren og brakt dei opp til Jonsvatnet, må dei ta kontakt med politiet og fortelje om det, seier Vang.

15 KILOMETER: Kartet viser kvar Odin sist blei sett og kvar det er gjort nye funn som kan knytast til Odin. Det er 15 kilometer mellom desse to stadane.

Sakna etter bytur

Odin André Hagen Jacobsen frå Skaun forsvann på ein bytur i Trondheim for eit år sidan. Foreldra melde han sakna dagen etter. Det har vore leita etter 18-åringen både i Nidelva og i kanalen, utan resultat.

Inntil no var dei siste overvakingsbileta av 18-åringen like etter klokka halv seks på morgonen 18. november.

Eit par veker etter vart mobil, bankkort og pass funne ved ei bygning på Brattøra i Trondheim.

Ikkje langt unna på hamneområdet vart ein sko funnen, forutan treningsklede som sannsynlegvis tilhøyrer den sakna. Hagen Jacobsen hadde ein blå bag og var på treningssenter i Trondheim tidlegare på dagen.

Observasjon av Odin klokken 06:01 gjort på Pir2 på Brattøra.

NY OBSERVASJON: Bildet viser ein observasjon av Odin klokka 06:01 gjort på Pir2 på Brattøra den dagen han forsvann.

Foto: Politiet

Nye videoar

Politiet har også fått gjenoppretta korte videosnuttar frå overvakingskamera frå den dagen Odin André Hagen Jacobsen forsvann.

– Klokka 05:56 blei det gjort ein observasjon av det politiet trur er Odin på Pir2, like ved der mobilen,bankkortet,passet og kleda til Odin blei funne. Han går ytst mot Piren kl. 05:57. Klokka 06:01 blei han observert, seier Vang.

Fleire teoriar

– Vi har ikkje klart å lukke nokon av dei fire teoriane som er vanlegast i forsvinningssaker, seier Vang.

Dei fire teoriane er:

  • At han har forsvunne av eigen fri vilje
  • Sjølvdrap
  • Ulykke
  • Utsett for straffbar handling

Saka er difor framleis under etterforsking. I tillegg til dei 100 som er avhøyrde dei siste månadene, har politiet tidlegare avhøyrt ytterlegare 100 personar.

Kart over funn på piren i forbindelse med Odin-saken

Her er funnene politiet har gjort på pir2 i Trondhem. De gule feltene viser funn som er gjort i fjor. De røde viser de nye observasjonene som er gjort på overvåkningsvideoer som er gjenskapt.

Foto: John Marius Nielsen / Politiet

Framleis ei gåte for familien

NRK har snakka med faren til Odin, Dan Yngve Jacobsen, i samband med dei nye funna.

– Vi føler ikkje at desse funna gjer at vi er noko nærmare å få svar på kva som skjedde med Odin. Det er framleis ei stor gåte, seier Jacobsen.

Han har ingen teori om korleis andre eigedelar til sonen skal ha hamna ved Jonsvatnet.

– Politiet har ikkje sagt noko om det. Eg har heller ingen idear om korleis det kan ha skjedd, avsluttar han.

Området hvor gjenstander som tilhørte Odin er funnet

Det er i dette området ved Jonsvatnet at gjenstandene politiet knytter til Odin ble funnet.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Odin har vært savnet siden november 2018

Odin André Hagen Jacobsen (18) fra Skaun forsvant på en bytur i Trondheim november 2018. Siden har ingen sett 18-åringen.