Hopp til innhold

Ørland får landslinje i flyfag

Ørland får den nye landslinja i flyfag, melder Adresseavisen. Valet sto mellom Stjørdal og Ørland. Fylkesadministrasjonen anbefalte Stjørdal. Tysdag opplyser Ina Helen Pedersen, Ap-politikar i fylkestinget, at valet fall på Ørland.

Avgjersla blir formelt teken i fylkestinget onsdag.

Flylinja er for elevar i vidaregåande skule, og skal utdanne folk til å jobbe med flyvedlikehald. Etter planen skal den settast i gong med 60 elevar hausten 2023.