Hopp til innhold

Kva sender desse mystiske radiosignala frå Mjølkevegens indre?

Astronomar har oppdaga merkelege radiobølgjer frå galaksens indre. Måten signala oppfører seg på, får forskarane til å klø seg i hovudet.

På nyåret i fjor sat doktorgradsstudent Ziteng Wang ved University of Sydney og følgde med på kva radioteleskopet i den australske øydemarka hadde fanga opp.

Då såg han noko som ingen så langt har greidd å forklare.

«Vi har aldri sett noko som liknar», seier Wang til nettsidene ved universitetet.

No har det internasjonale forskarteamet publisert ein artikkel om funnet i tidsskriftet «The Astrophysical Journal».

Illustrasjon av Melkevegen

MJØLKEVEGEN: Ein roterande spiralgalakse. Solsystemet vårt ligg i den såkalla «Orionarmen».

Foto: alex-mit / Getty Images/iStockphoto

Underleg oppførsel

Radiobølgjene som er fanga opp kjem frå Mjølkevegens sentrum – inst i den spiralforma galaksen, som solsystemet vårt er ein del av.

Dei elektromagnetiske signala er sterkt polariserte. Polarisasjonsretninga snur seg også rundt når radiobølgjene går framover. Forskarane meiner det kan tyde på at objektet har eit kraftig magnetfelt.

Ziteng Wang

ZITENG WANG: Fysikkstudenten oppdaga noko som ikkje kan forklarast.

Foto: University of Sydney /

Første gong signala vart oppdaga var i januar 2020. Radioteleskopet i Australia fanga opp signala seks gonger over ein periode på ni månader.

Forskarane såg at radiobølgjene varierte veldig i styrke over korte tidsrom.

I tillegg slo signala seg av og på, tilsynelatande heilt tilfeldig.

Så vart det plutseleg heilt stille i fleire månader, før radiosignala igjen vart oppdaga av eit radioteleskop i Sør-Afrika.

Stemmer ikkje overeins

Forskarteamet har prøvd å finne ut kva det kan vere som sender signala. Dei har samanlikna radiobølgjene med det vi allereie veit om ulike himmelobjekt og stjernetypar. Men så langt samsvarer ikkje signala med noko vi kjenner til.

Verken pulsarar, magnetarar, supernovaer, brune dvergar eller raude kjempar stemmer heilt overeins med radiobølgjene som blir sende ut.

– Dette kan bety at radioteleskopet har fanga opp eit heilt nytt objekt vi ikkje veit om frå før, seier astrofysikar Sven Wedemeyer ved Universitetet i Oslo.

Sven Wedemeyer, astrofysiker

SVEN WEDEMEYER: Meiner signala frå Mjølkevegen er ei gåte.

Foto: Universitetet i Oslo / UiO

Forskarane veit kva retning dei merkelege signala kjem frå.

Men når dei prøver å observere dei gjennom andre verktøy, er det ikkje noko som dukkar opp.

Optiske teleskop viser ingenting. Verken infraraudt lys eller røntgenstrålar er oppdaga der radiobølgjene kjem frå.

Ser djupare enn nokon gong

Objektet frå djupet av Mjølkevegen er så langt eit mysterium, og har fått eit namn som er noko tungt å lese.

Forskarane kallar det «ASKAP J173608.2−321635». Tala i namnet er koordinatane for kvar objektet er plassert. ASKAP er ei forkorting for «Australian Square Kilometre Array Pathfinder».

Bak bokstavane skjuler det seg eit nytt og ultrasensitivt radioteleskop. Det er plassert vest i Australia, 80 mil nord for Perth.

CSIROs ASKAP radioteleskop i Vest-Australia.

EIN BOGE PÅ NATTEHIMMELEN: Mjølkevegen er ein tydeleg halvsirkel over radioteleskopet i Vest-Australia.

Foto: A. Cherney / CSIRO

Det spesielle med teleskopet er at det består av fleire teleskop som er kopla saman til eitt.

Heile 36 tallerkenantenner er plasserte ut i eit område der dei står opptil seks kilometer frå kvarandre. Desse antennene utgjer til saman eit teleskop med ein gigantisk diameter.

Trur gåta blir løyst

– Med dette teleskopet kan vi sjå mykje meir enn før, og eg forventar mange spennande oppdagingar i tida som kjem, seier Wedemeyer til NRK.

For ASKAP blir berre ein smågut samanlikna med det nye SKA-teleskopet som er planlagt. Dette er eit stort internasjonalt samarbeid, der fleire tusen tallerkenantenner skal koplast saman.

Snart kan vi sjå mykje klarare inn mot midten av galaksen vår.

Mjølkevegens sentrum ligg rundt 26.000 lysår frå vårt eige solsystem. Her står stjernene mykje tettare, og her blir det òg danna nye stjerner.

Flere antenner til radioteleskop i Vest-Australia.

ENORMT TELESKOP: Over 30 tallerkenantenner er kopla saman i Australias villmark.

Foto: CSIRO / DRAGONFLY MEDIA

Wedemeyer trur dei nye superteleskopa etter kvart vil bidra til å løyse gåta med dei mystiske radiosignala. Men han trur ikkje dei vil avsløre at eit intelligent vesen sender oss ein bodskap.

– Dei enklaste forklaringane er ofte dei beste. Radiobølgjene som er oppdaga verkar ikkje akkurat som ein morsekode. Det er ingenting som tyder på at dette er kunstige signal som medvite blir sende til oss, seier Sven Wedemeyer.