Hopp til innhold

Influenserstorm: Ville betale for reklame med gåvekort

PR-byrået til taco-giganten Old El Paso bad fleire influensarar om å lage innhald for dei, men sa dei ikkje kunne betale.

Stine Næss-Hartmann og Old El Paso

TACOFREDAG?: Old El Paso er i hardt vêr etter at det gjekk ut ein e-post til fleire influensarar.

Foto: Stine Næss-Hartmann/Trond Odin Myhre Johansen / PRIVAT/NRK

– Dette er heilt ekstremt. Eg jobbar sjølv i eit byrå og hadde aldri sendt ein sånn e-post, seier Stine Næss-Hartmann.

21. september vart ho og fleire andre influensarar kontakta av pressebyrået til Old El Paso, Släger, om ei moglegheit for å lage ei reklame for dei.

Pressebyrået Släger ynskja at ho og fleire skulle lage innhald på sine profilar der dei viser fram kva dei liker å ha på tacoen sin. Men seinare i mailen, der dei skriv kva dei kan tilby influensarane for arbeidet, skriv dei at dei ikkje har eit budsjett til å betale for å vera med på prosjektet.

– Det er både synd og trist. Skal eg liksom få eit gåvekort på å kjøpa nokre tacoskjell, som eg så må skatte av etterpå? Det heng ikkje på greip.

– Tacoskjell betaler ikkje lånet mitt, seier Næss-Hartmann til Nettavisen, som var fyrst ute med denne saka.

Les også Mener unge blir for fort voksne i sosiale medier: Erika (23) går mot strømmen

Erika Norwich med kosedyr

Fortalde på TikTok

Næss-Hartmann la så ut ein video på TikTok der ho las opp innhaldet i e-posten. Denne har fått fleire kommentarar frå folk som også reagerer på det same.

– Takk, men nei takk. Eg synest det er utruleg synd at ei såpass stor merkevare som Old El Paso ikkje har moglegheit til å betale folk for ein jobb, når ein faktisk veit at det er store influensarar som får betalt, seier ho i videoen.

Stine Næss-Hartmann om Old El Paso

Etter at TikTok-videoen fekk ein del merksemd skal PR-byrået ha hatt eit ynskje om at Næss-Hartmann skulle slette videoen, i ein telefonsamtale. NRK har spurt Släger om dette, men dei har valt å ikkje svare.

ki-kjendiser fra Meta

Meta har laget 28 KI-influensere

Fleire reagerer

Fleire har reagert etter at ho la ut desse videoane. Og i kommentarfeltet skriv fleire at dei har opplevd liknande i sine bransjar.

«Eg er interiørarkitekt, og du ville blitt overraska over kor mange som trur og forventar at mine tenester er gratis.»

«Fekk bestilling på ei kake ein gong. Betalinga var at eg fekk vera med på festen.»

Fleire større profilar har og slengt seg på.

Plantegutt
Nellie Krokstad
Linnea Myhre
Sindre Svines

Sindre Svines synest det var frekt av taco-produsenten å ikkje tilby betaling.

Foto: Sindre Svines / privat

Sindre Svines eller @plantegutt var ein av dei som fekk e-post av Släger, og som sa nei til samarbeidet.

– Eg vart fyrst veldig sint og oppgitt. Synes det er ein uting å be influensarar, same kor store, om å gjera arbeid for produkt.

– Er det så farleg?

Men ikkje alle er einige i at dette er eit stort problem.

Influensar Sebastian Solberg skriv i kommentarfeltet på Næss-Hartmann sin instagramvideo at han meiner det er nok å berre sei nei, viss ein ikkje får eit godt nok tilbod.

Kommentar frå Sebastian Solberg på instagram:
Men helt ærlig kan man ikke bare si nei? Sorry ass, vet dette er en upopulær mening men er det virkelig SÅÅ farlig?? Jeg fikk også tilbud om denne kampanjen men fikk ikke det honoraret jeg ønsket og takket nei. Jeg tenker at thats life. Hver eneste uke får jeg også tilbud om å promotere ting mot produkter eller gavekort. Da takker jeg som regel også nei og går videre med dagen min. Hvis mange nok gjør det vil jo det også til slutt bli umulig for selskapene å tilby slike ting. Influencere som deg og meg må tåle at noen ganger går pengene til de største. Sånn er det jo i alle bransjer. De største er ofte de mest attraktive for både kunder og følgere.
Synes at du fremstiller dette som noe HELT sinnsykt. Der er det ikke i mitt hode. Det er og greit å tenke på at noen mindre influencere faktisk setter pris på muligheten til å få gratis taco, hotell, klær eller hva som helst annet imot litt promotering. Jeg kjenner mange av de som setter STOR pris på dette. Tenker at noen ganger så må vi influencere gå i oss selv og tenke «er dette virkelig sååå farlig» før vi lager en Mail om et spørsmål om et samarbeid (betalt eller ei)om til en livsviktig sak. Du vet jeg digger deg Stine og jeg vet at dette er en upopulær mening men jeg mener at du overdriver viktigheten av dette helt sinnsykt mye.
Faksimile: Screenshot Instagram

Skulle ikkje fått den mailen

– Denne mailen skulle aldri vore sendt, og det skulle aldri vore kommunisert ei forventing til nokon om å gjera gratisarbeid, skriv Eirik Øiestad frå PR-byrået Släger i ein e-post.

Han seier at alle som gjer eit arbeid for dei burde få betalt for dette, og at dei aldri har opplevd ei sak som dette i løpet av sine 16 år som PR-byrå.

Eirik Øiestad

Släger seier denne e-posten aldri skulle vore sendt ut, og at dei jobbar med å betre rutinane sine no.

Foto: Frida Marie Grande

– Det er menneskeleg å feile, slik me har gjort i dette tilfellet, men me må og lære noko av feilen me har gjort her. Lærdomen me tek av dette handlar fyrst og fremst om kvalitetssikring. Dei som kjenner oss veit at me ikkje tek lett på ei sak som dette, og at me kjem til å gjere alt me kan få å unngå at noko sånt skjer i framtida.

 Elisa Bang Hamnes (17) og Mina Forsback Johnsen (17)

TikTok-trend: Grisespytt skal gjera deg hot

Fekk nytt tilbod

Næss-Hartmann presiserer at det ligg mykje arbeid bak å lage slikt innhald, noko kanskje ikkje alle tenker over.

– Influensarar har mykje meir makt enn fleire ulike brands. Det er mykje me må gjera for ei sånn kampanje. Det skal lagast manus, kjøpast inn det som trengst, filmast, redigerast og så må det postast slik at det treff den målgruppa ein ynskjer.

Stine Næss-Hartmann

Stine Næss-Hartmann synest det er for dårleg at ein ikkje skal få betalt for arbeidet ein gjer.

Foto: Stine Næss-Hartmann / Privat

Ho seier at det ho reagerer mest på her er måten PR-byrået hadde skrive e-posten.

– Eg har fått mange førespurnadar opp igjennom når det gjeld å ta imot ting mot å lage innhald, men i denne situasjonen handlar det mest om ordlyden i e-posten. At ein vil bli «assosiert med dei store profilane om ein tek dette samarbeidet» og i tillegg skulle skrive under på ei kontrakt for arbeidet ein gjer for eit gåvekort. Og når dei understrekar kor stor merkevara er, men samtidig seier at dei ikkje har pengar å betale deg.

Treningsinfluensaren seier ein ikkje føler seg særleg mykje verdt når ein tek imot ein sånn e-post, og samtidig ser at fleire influensarkollegaar legg ut samarbeid som dei fekk betalt for.

Sjølv svarte ho at ho ikkje gjorde gratisarbeid, og fekk tilbod om ein sum.

– Eg snakka og med andre rundt meg som hadde fått betalt for oppdraget, og høve til å ha ein konkurranse på instagrammen sin der ein kunne vinne eitt års forbruk av Old El Paso-produkt.