Hopp til innhold

Ny asfalt skal gi mindre støy

Ein ny type asfalt, som blir testa ut på trønderske vegar, skal gi mindre støy.

Illustrasjonsfoto
Foto: Morten F. Holm / Scanpix

Målet er å finne fram til ein type vegdekke som gir mindre støy enn dagens asfalt gjer. 

- Resultata så langt er lovande. Vi har mellom anna nokre målingar som seier noko om støyproblema, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Jostein Aksnes til NRK Trøndelag.  

Stort miljøproblem

Trafikkstøy er eit av dei største miljøproblema i Noreg. Stortinget har vedtatt at denne støyen skal reduserast med 25 prosent innan 2010.

Eitt av tiltaka er å finne ein ny type asfalt som gir mindre støy, noe som er ekstra krevande på norske vegar.

- Vår største utfordring ved å bruke denne type asfaltdekke er bruken av piggdekkslitasje og vinterklima. Dei mest interessante resultata vil vi få når dekke har ligge eit par år, seier Aksnes.

Positive målingar 

Ein av vegane som blir testa ut er den nye E6 ved Melhus.

Støymålingane der har vore positive, sier Truls Berge som er forsker i SINTEF.

- I dei to felta som går inn mot Trondheim er det blanda inn noko gummi. Eitt av desse dekka verkar ganske lovande med omsyn til støy, så vi er spente på korleis det oppfører seg etter vintersesongen, seier Berge.  

Håper på gode løysingar

Fleire vegar i Trøndelag skal testast ut med asfalt som kan redusere støyen med opp til åtte desibel.

- Vi håper å finne løysingar som gjer at folk vil merke at det er mindre støy enn det er i dag, legg Berge til.