Hopp til innhold

NVE seier nei til vindkraftpark i Meråker

NVE har avslått konsesjonssøknaden frå E.ON Wind Norway om å bygge Kopperaa vindkraftverk. Hovudargumenta mot er omsyn til reindrifta, reiselivet og naturen.

Vindmøller

NVE seier nei til stort vindkraftverk i grenseområda i Meråker.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Protestane mot å bygge vindkraftverk i eit stort område i Meråkerfjella, har vore mange, både frå dei som bur i Meråker, frå reindriftssamar, miljøvernarar og svenskar.

Kommunestyret i Meråker sa ja til utbygging, mens både Nord-Trøndelag fylkeskommune og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag meinte at det ikkje burde bli gitt konsesjon.

Ein endeleg stoppar

No har Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) bestemt seg for å avslå søknaden om å bygge og drive vindkraftverk i Meråkerfjella. Det betyr mest truleg at det er sett ein endeleg stoppar for vindkraftplanane i dette området, sjølv om det tyske selskapet E.ON kan anke avgjerda.

NVE meiner at vindkraftverket kan vere eit konkurransedyktig prosjekt i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden.

Dei meiner likevel at det ikkje er eit samfunnsmessig rasjonelt prosjekt når ein tar med miljø- og samfunnsverknadar i vid forstand i vurderinga.

Negative verknadar

– Dei viktigaste negative verknadane av Kopperaa vindkraftverk er knytt til samiske interesser, friluftsliv, reiselivsnæring og landskap, melder NVE.

Dei har òg lagt vekt på at tiltaket har verknadar over grensa, og at svenske lokale, regionale og nasjonale styresmakter går i mot prosjektet.

Ordføraren: – Lever godt med vedtaket

Bård Langsåvold

Ordførar i Meråker, Bård Langsåvold (Ap).

Foto: Arkiv/NRK

Ordførar Bård Langsåvold (Ap) tar vedtaket med fatning, sjølv om han gjerne skulle sett ei vindkraftsatsing i kommunen. Han hadde håpa at ei slik utbygging kunne gi inntekter og arbeidsplassar til kommunen.

– Eg registerer vedtaket frå NVE og tar det til etterretning, seier Langsåvold.

– Det er greit at det vart som det vart, når NVE meiner naturmangfaldet er såpass viktig å verne, meiner han.

Alle protestane på førehand gjer at han ikkje er overraska over at NVE sa nei.

– Eg lever godt med dette vedtaket, seier Bård Langsåvold.